Koronatest på Flå: Siv Støen og Sigrid Ingeborg Gislerud tar koronatest utenfor legekontoret på Flå. Foto: Ragnar Hilde

Flå opnar forsiktig opp: smittetalet står stille

Flå innførte strenge restriksjonar etter at tre innbyggjarar testa positivt for koronaviruset. No opnar kommunen opp fleire funksjonar, og alle klassar er tilbake på skulen.

Førre veke vart hektisk for kriseleiinga i Flå kommune. Etter fleire tilfelle av koronaviruset stengde kommunen ned både bibliotek, treningssenter og dagsentertilbod. Tre skuleklassar vart sett i karantene.

No er 71 personar testa, men ingen nye tilfelle er påvist per 14. september.

Slik er korona-situasjonen i Flå

Testa: 71 personar

I karantene: 1 person

Smitta og i isolasjon: 3 personar

Les også
Deler av Flå stenger ned: - Me må slå hardt ned no

Opnar bibliotek, treningssenter og sjukeheim

Spenninga har vore stor medan nærare 50 flåværingar har sete i karantene. No kan det likevel sjå ut til at kommunen er over den verste kneika.

Måndag er alle klassar tilbake på skulen etter å ha vore i karantene og hatt heimeundervisning. Kriseleiinga i kommunen har bestemt å opne opp biblioteket, Ursus treningssenter, Utstyrskroken, og dagsentertilbodet. Det er også opna opp for besøk ved Flåheimen sjukeheim mellom klokka 16 og 20, men alle besøk skal varslast på førehand over telefon.

Kommunen har bestemt at besøkskontroll på Veksthuset skal førast vidare. Det betyr at alle som skal inn i bygget på registrere seg ved ankomst.

Ordførar Merete Gandrud presiserer at tala på smitta, isolerte og i karantene kan endre seg dagleg.

Siv Støen og Sigrid Ingeborg Gislerud tek koronatest utenfor legekontoret på Flå. (Arkivfoto) Foto: Ragnar Hilde
Les også
Letta rektor i Flå: – Nervane har vore i heilspenn