Måndag kveld var alle skadde køyrd til sjukehus, og Statens vegvesen si ulykkesgruppe venta til ulykkesstaden. Det var fire bilar involvert i møteulykka.
Måndag kveld var alle skadde køyrd til sjukehus, og Statens vegvesen si ulykkesgruppe venta til ulykkesstaden. Det var fire bilar involvert i møteulykka.

Fem personar sendt til sjukehus med luftambulanse

To bilar har kollidert på Rv7 ved Torpomoen i Ål. Fem personar er alvorleg skadde.

- Fem av dei skadde er floge til sjukehus med luftambulanse, opplyser operasjonsleiar Arild Alfheim ved politiet sørøst.

Fire andre er sendt til Ringerike sjukehus i bil. To av dei er lettare skadde, dei to andre er sendt dit for sjekk.

Artikkelen held fram under annonsen.

I alt var ni personar involvert i ulykka, og sju av dei altså skadde.

Dei fem mest skadde vart frakta til sjukehus i tre helikopter.

Over i feil køyrefelt

Politiet fekk melding om trafikkulykka måndag klokka 16.18. To bilar hadde kollidert, og ytterlegare to bilar hadde som følgje av dette blitt involvert i ulykka.

Ulykka skjedde like vest for den vestre avkøyringa til Torpo.
Ulykka skjedde like vest for den vestre avkøyringa til Torpo.

- Me veit ikkje meir om korleis ulykka skjedde, ut over at ein bil har kome over i motsett køyrefelt og frontkollidert med ein bil. Dei andre bilane vart som følgje av dette involvert i ulykka, opplyser Arild Alfheim.

Ulykkesgruppe varsla

Statens vegesen si ulykkesgruppe er varsla og på veg til Torpo. Det same er politiets kriminalteknikarar som skal utføre politiets tekniske undersøkingar på staden.

Omkøyring

Trafikken blir dirigert om Kringlevegen, mellom Torpomoen og avkøyrsla til Torpo vest.