Under eit koronautbrot i Gol i fjor stilte desse damene opp for å ta testar av folk. Frå venstre: Nina Østerhus, Bjørg Kjørkleiv Hoftun, Marry Viljugrein og Tora Berger.

Fem nye koronasmitta: – Spent på testane framover

Gol får stadig nye smittetilfelle. Men folk blir ikkje så sjuke som før.

– Dei fleste har milde symptom. Me har ikkje opplevd alvorlege symptom, slike me gjorde tidleg i pandemien, seier kommuneoverlege Jagannivasan Thurainayagam.

Tysdag fekk han fem nye positive koronaprøver på pulten sin. Det har vore mange slike i Hallingdal i det siste.

Artikkelen held fram under annonsen.

Viruset breier om seg og skaper utfordringar for skular og arbeidsplassar der folk hamnar i karantene - men for dei som blir smitta, går det stort sett heilt fint.

Må vere obs

Folk blir rett og slett ikkje så sjuke som før.

– Det er ein eigenskap med desse virusmutasjonane. Dei smittar meir, men gir sjeldan alvorleg forløp, seier Thuarinayagam.

– Det betyr berre at me må vere obs sjølv ved milde symptom. Det er også andre virus som går rundt no, men det er ikkje lett å vite kva som er kva. Derfor er nøkkelen å ta ein koronatest, seier kommuneoverlegen.

Les også
Seks smitta på eitt døgn i Gol: Ein skuleklasse i karantene

Gol har fått ni smittetilfelle sidan laurdag. To på laurdag, to på måndag og fem tysdag. Dei fem på tysdag var alle nærkontaktar som alt var i karantene.

– Det ser ut til at me har stoppa spreiinga. Men eg er spent på testane framover, seier Thurainayagam.

Skular råka

Det er mange ungdommar som har blitt råka av smitte i Hallingdal den siste tida. Fleire skular har vore nøydd til å setje i gang heimeundervisning for enkelte klassar som må halde seg heime i karantene.

I Gol vart ein klasse ved ungdomsskulen og ein klasse ved vaksenopplæringa sett i karantene i helga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Seks smitta på eitt døgn: – Fare for at det spreier seg
Les også
Åtte nye ladarar for elbil
Les også
Mystisk forsvinning blir TV-program