Regjeringa stadfestar fredag at trinn tre i gjenopningsplanen blir sett i verk. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB / NPK

No kan fleire folk møtast - opnar opp for breiddeidretten

Regjeringa set i verk trinn tre av gjenopninga sundag klokka 12. I tillegg blir nasjonale råd endra umiddelbart.

– Smittetala går ned, talet på sjukehusinnleggingar fell og rundt halvparten av befolkninga over 18 år har fått minst éin vaksinedose. Norge er i rute, og vi er klare for å gå til trinn tre i gjenopninga, seier statsminister Erna Solberg (H).

Private arrangement

Fallande, færre koronapasientar på sjukehusa og fleire som har fått både ein og to vaksinedosar er bakteppet for at regjeringa no tek samfunnet endå eit skritt i retning tilbake til normalen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Endringane inneber mellom anna dei nasjonale reglane blir endra slik at ein på private arrangement på offentleg stad, kan vere inntil 100 personar både inne og ute. Skjenkestoppen ved midnatt blir oppheva, og det blir opna heilt for toppidretten.

20 gjester heime

Enkelte endringar trer i kraft umiddelbart, det gjeld dei nasjonale tilrådingane. No kan ein mellom anna ha opptil 20 gjester på besøk heime. Personar som er beskytta, blir ikkje rekna med i dette talet.

I tillegg blir breiddeidretten opna opp òg for vaksne over 20 år, og ein kan no vere meir fysisk til stades på arbeidsplassen.

Førre gjenopningstrinn vart sett i verk natt til torsdag 27. mai. Regjeringa har tidlegare sagt at dei vil bruke om lag tre veker til vurdere situasjonen og gjere nødvendige analysar og vurderingar før ein vurderer å setje i verk neste trinn.

Dette blir innført:

Dei nasjonale reglane:

* På private arrangement på offentleg stad, i for eksempel leigde eller lånte lokale, kan ein vere inntil 100 personar både inne og ute. Det betyr at ein no kan ha større bryllaup og festar.

* På offentlege arrangement inne, er avgrensinga på antal personar slik: Utan faste, tilviste sitteplassar, kan ein vere inntil 400 personar fordelt på to kohortar. Med faste, tilviste sitteplassar, kan ein vere 1000 fordelt på to kohortar. Bruker ein koronasertifikat og testing kan ein vere inntil 2500 personar.

* På offentlege arrangement ute er avgrensinga på antal personar slik: Utandørs er det dobbelte av det som gjeld innandørs. Her er det den same logikken. Det er lov med fleire personar viss alle sit på faste, tilviste plassar. Og endå fleire viss ein bruker koronasertifikat og testing. Det betyr at ein kan vere inntil 5000 personar på Brann stadion fordelt i kohortar på 500.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Skjenkestoppen klokka 24 blir oppheva, men ein kan framleis ikkje sleppe inn nye gjester etter midnatt. Det er framleis krav om registrering, servering av alkohol ved bordet, redusert antal gjester, sitteplassar til alle gjester og avstand.

* Det blir opna heilt opp for toppidretten. Det betyr at dei seriane som foreløpig ikkje har kunna starte opp, no kan gjere det, både utandørs og innandørs.

* Regjeringa gjer fleire lettelsar for reiser i EØS, Schengen og Storbritannia. Det globale reiserådet blir oppheva frå 5. juli, men erstatta av eigne reiseråd til spesielt ramma land.

Her er dei nasjonale anbefalingane:

* Ein kan ha opptil 20 gjester på besøk heime. Personar som er beskytta blir ikkje rekna med i dette talet.

* I breiddeidretten opnar ein opp også for vaksne over 20 år. Idretts-, kultur- og fritidsaktivitetar kan gjennomførast slik at deltakarane ikkje treng halde 1 meters avstand. Dette betyr at fotballspelarar, handballspelarar, dansarar og andre igjen kan trene som normalt.

* Vaksne i breiddeidretten får også unntak frå 1-metersregelen ved deltaking på idrettsarrangement både utandørs og innandørs innanfor regionen eller kretsen. Det opnar for at det no kan arrangerast kampar og konkurransar igjen.

* Også vaksne ikkje-profesjonelle utøvarar får unntak frå 1-metersregelen på kulturarrangement, dersom dei elles trenar eller øver saman.

* Ein kan vere meir fysisk til stades på arbeidsplassen, men alle bør framleis følge anbefalingane om smittevern.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Når det gjeld reiser innanlands, er det som på trinn to. Ein kan reise rundt i Norge. Personar som ikkje er beskytta og som reiser til kommunar med mindre strenge tiltak, bør følge anbefalingane som gjeld i kommunen ein reiser frå. Det er spesielt viktig at personar som er ubeskytta og kjem frå kommunar med høgt smittetrykk er forsiktige. Desse bør heller ikkje delta på arrangement i andre kommunar.

Les også
I dag rundar han av 48 års politisk arbeid: - Det er rart og vemodig
Les også
Legg til rette for kunstsommar
Les også
– Dei som har tapt mest, har fått minst i støtte