Det dukkar opp enkelte tilfelle av koronasmitte i Hallingdal. Her eit bilete frå testing ved Ål legevakt denne veka. Ål har førebels ingen registrerte smitta.

Fekk sitt sjette smittetilfelle på tre veker

Fredag vart nok ein person bekrefta koronasmitta i Gol, men kommunen har full kontroll på situasjonen.

Den nyaste smitta er nærkontakt til eit av dei tidlegare tilfella.

– Det var såleis venta. Smitteverntiltak er alt gjennomført, seier kommuneoverlege Jagannivasan Thurainayagam til Hallingdølen fredag kveld.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Smittetalet aukar og vaksinen let vente på seg: – Me er uroleg

Sidan den siste smitta alt var i karantene, utløyser den positive koronatesten ikkje noko stort smittesporingsarbeid eller ytterlegare karantene.

– Me har god kontroll, seier Thurainayagam.

Dei siste dagane har Gol fått to tilfelle av såkalla «innreisesmitte». Det betyr personar som har kome att frå utlandet, og som har testa seg ved ankomst flyplassen.

Desse har begge gått rett i karantene, og kommunen har såleis god oversikt. Gol er no oppe i seks tilfelle sidan 18. desember. I Hallingdal har totalt 46 personar blitt bekrefta smitta i same periode.

Les også
Smitte registrert i skisenteret - ber folk følgje nøye med på symptom
Les også
Slik har dei organisert vaksineringa