Fornøgde badegjester har fått is av ordførar Tore Haraldset og dagleg leiar i Nesbyen Turist og næringsservice, Solveig Hjallen, på Trytetjern.

Feira varmerekorden med is

Det var varmt — og det vart skrive historie i Nesbyen laurdag.

For nesningane var det sjølvsagt ein strek i rekninga at folkefesten måtte utsetjast på grunn av koronaen. Den kom eit svært ugunstig tidspunkt for ei bygd som var superklar til å markere 50 års-jubileet for varmerekorden.

— Det var synd at me ikkje fekk moglegheit til å arrangere den planlagde folkefesten på dagen den 20. juni, seier ordførar Tore Haraldset.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ordførar Tore Haraldset og dagleg leiar i Nesbyen Turist og næringsservice, Solveig Hjallen, delte ut is til store og små på Trytetjern og fortalte om varmerekorden. Her møter dei Marthe Løken Karlsen og Karsten Karlsen samt ungane Sindre, Andrea og Savannah.

Markering

Men ein liten markering vart det likevel av at det er eit halvt hundre år sidan Nesbyen sette sin legendariske varmerekord på 35,6 grader. På ettermiddagen laurdag troppa nemleg ordføraren og dagleg leiar i Nesbyen Turist- og næringsservice, Solveig Hjallen, opp på det populære friluftsområdet på Trytetjern der mykje folk var samla for å bade og bygge seg i varmen. Tidspunktet var ikkje annonsert av frykt for at det ville kome så mange at grensa på 200 personar vart sprengt. Ein var likevel farleg nær denne grensa på Trytetjern.

Ida Brenno i klasse 7A vann teiknekonkurransen og fekk overlevert teikninga si som eit diplom av ordførar Tore Haraldset. Den andre vinnaren, Agathe Liodden i klasse 5A, var ikkje til stades ved markeringa.

Vann konkurranse

For å feire litt hadde Haraldset og Hjallen med seg ein solid haug med is som dei delte ut til både store og små. Samtidig fekk den eine vinnaren av teiknekonkurransen — der temaet var varmerekorden — premien sin. Ida Brenno i klasse 7a på barneskulen i Nesbyen var både glad og stolt då ho fekk premien som var eit diplom med si eiga teikning med helsing frå ordføraren.

Les også
Den varmaste dagen

— Eg tenkte på Trytetjern då eg teikna. Det er ein fin plass å vere når det er varmt, seier Ida.

Den andre vinnaren var Agathe Liodden i klasse 5 b. Ho var ikkje til stades ved markeringa.

Det var eit yrande liv i varmen på Trytetjern på dagen 50 år etter at Nesbyen sette sin legendariske varmerekord.

Ein historisk dag

Laurdag 20. juni var ein historisk dag, som har fått mykje merksemd i media dei siste dagane og på sjølve dagen.

Varmerekorden vart feira med ballongar på målestasjonen der varmerekorden vart målt. I dag står stasjonen på Hallingdal Museum som ein attraksjon.
Les også
Kva hugsar du?

— Eg har fått mange gratulasjonar i dag, seier ordførar Haraldset.

— Dette er stas.

Den planlagde folkefesten er ikkje lagt på is, lovar han.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Me har planar seinare, nærmare bestemt ein gong i slutten av august, seier Tore Haraldset.

Les også
Jubel i Nesbyen: – Betre blir det ikkje!