annonse

Feilfritt av Christiansen

Feilfritt:
Feilfritt: Vetle Sjåstad Christiansen skaut feilfritt, men mista ein mogleg pallplass på siste runden. (Foto: Mona Stensvold)

Vetle Sjåstad Christiansen opna med fullt hus og ein god fyrsterunde i Hochfilzen.

Mona N. Stensvold

Skiskyttarane er på plass i Austerrike for den andre verdscuphelga for sesongen.

På eit seint startnummer, då mange hadde delt ut pallplassane til favorittane, stod Vetle Sjåstad Christiansen på start. Med god fart i sporet passerte han høgt oppe på listene på fyrste runden. På standplass var han sikker. Med ein liggjandeserie som ekspert Ola Lunde meinte hadde halde til 50 poeng på internasjonal skive, fyllte geilingen på fyrste serie.

Han passerte ut på sjetteplass, berre 22 sekund etter Johannes Thingnes Bø i tet. På andre runden tapte han nokre sekund til Bø i tet, men passerte likevel som fjerdemann på 4,4 km.

På den andre serien vart det også fullt hus for geilingen, som tapte mykje tid då han måtte hente seg inn fleire gonger i løpet av serien.

- Imponerande. Han startar opp og treff fyrste, så kjenner han at han er uroleg og må ta seg inn at. Det viser kva som bur i Vetle, sa NRK-ekspert Ola Lunde då geilingen var på tur ut på siste runden, 31 sekund etter Bø.

Tapte tid

På sisterunden vart det tøft for geilingen. Då tapte Christiansen over tjue sekund sekund og gjekk i mål til ein tiandeplass.

 - Når eg fyrst begynte å bruke tid på standplass tenkte eg at "no må eg i allefall treffe". Det var tåleleg greitt i sporet, det var eit tiandeplassløp, oppsummerte Christiansen etter løpet.

- Veldig bra arbeid av Vetle. Han har lagt ned eit fenomenalt arbeid når det gjeld kosthald og trening før denne sesongen., sa Lunde om geilingen. 

Vil utfordre

Christiansen sikra seg eit glimrande utgangspunkt før jaktstarten laurdag.
Sundag går sesongens fyrste stafett i Hochfilzen. Med fire skytingar har ein treffsikker Christiansen alle moglegheiter til å klatre frå tiandeplassen.

-Teoretisk sett er det mogleg å vinne, men Johannes er på eit anna nivå om dagen. Men eg skal prøve, prøve, prøve, lova geilingen.

annonse