Det er svært glatt på Rv7 fredag ettermiddag.

Farevarsel for is og vanskeleg køyreforhold - svært glatt på Rv7

Meteorologene har sendt ut gul farevarsel for is på Austlandet.

Varselet gjeld for Innlandet og Austlandet, deriblant Hallingdal.

– Det blir overgang til mildvêr og regn som frys på kald bakke i desse områda. Det kan bli glatte vegar, skriv Meteorologene.

Artikkelen held fram under annonsen.

I ei oppdatert melding heiter det at varselet gjeld frå midt på dagen fredag. Tidleg fredag kveld får Hallingdølen tips om at det er svært glatt på Riksveg 7.

– Grunnen til det er at frysande regn alt er observert, heiter det i den siste meldinga.

Folk blir oppmoda til å følgje vêrradar og nedbørsdata på Yr.

Det er meldt vanskelege køyreforhold på Austlandet frå fredag og utover i helga.