Tom Rune Hagen frå Nore og Uvdal har vore sakna sidan juli 2017.
Tom Rune Hagen frå Nore og Uvdal har vore sakna sidan juli 2017.

Familien til sakna Tom Rune Hagen (38) ventar på DNA-prøvesvar

Familien til Tom Rune Hagen (38) håpar likfunnet i Øvre Eiker kan føre til ei oppklaring av forsvinninga til sonen deira.

Tom Rune Hagen frå Nore og Uvdal har vore sporlaust forsvunnen sidan juli 2017. No ventar familien på resultata av DNA-prøvene frå den døde personen som vart funnen i Øvre Eiker sist onsdag. Det skriv Laagendalsposten.

Onsdag sist veke vart det funne ein død person i ein bekk på nedsida av rv35 ved Verp i Øvre Eiker. Politiet har stadfesta at personen er ein mann, men dei har førebels ikkje greidd å identifisere han, i følgje Drammens Tidende. Den førebelse obduksjonsrapporten gjev heller ingen svar på korkje dødsårsak eller dødstidspunkt. Politiet har ikkje gått ut med informasjon som skulle tilseie at det er Tom Rune Hagen som er funnen død. Men familien håpar likevel saka i Øvre Eiker kan føre til at dei endeleg får sett sluttstrek etter å ha venta på nytt om sonen i over to år.