annonse

Familien mista "alt"

Sløkkingsarbeid
Sløkkingsarbeid: Nødetatane rykte ut til bustadbrannen i Hemsedal tysdag ettermiddag. (Foto: Line Sandvik)
Store skader
Store skader: Flammane har herja på framsida av huset. (Foto: Line Sandvik)
Bustadbrann
Bustadbrann: Den brannråka huset ligg i sentrum, ikkje langt frå Hemsedal kyrkje. (Foto: Line Sandvik)
Nødetatane rykte ut
Nødetatane rykte ut: Det tok til å brenne i dette huset i Hemsedal tysdag ettermiddag. (Foto: Line Sandvik)
Store skader
Store skader: Det er lett å sjå kvar flammane har herja. (Foto: Line Sandvik)
Familien har behov for klede og sko

Ein familie på seks vart huslause og mista alt dei eigde i ein bustadbrann i Hemsedal.

Lillian Holden Tor Folgerø

Politiet fekk melding om brannen klokka 13.22. Brannvesenet og dei andre nødetatane kom raskt på plass og fekk kontroll på situasjonen. Brannen er i ein bustad som ikkje ligg langt frå Hemsedal kyrkje. 

– Alle personar i huset er gjort greie for. Det er ikkje fare for spreiing til andre bygningar, opplyser politiets operasjonsentral til Hallingdølen.

- Alt er tapt

Dei frykta ei stund at det ville spre seg ein grasbrann bortetter nabojordet, og Hallingdølens reporter på staden fortel at det er eit større område med svidd gras like i nærleiken av bustadhuset. Det brenn ikkje lenger. Ifølge innsatsleiar på staden, Odd Halvard Seterdal, er andre etasje i huset utleigd til ein familie. Første etasje stod tom. 

Familien som budde på staden er no huslause, men får hjelp frå frivillige. Dei har blant anna fått tilbod om å overnatte på Røde Kors-huset i Hemsedal. Røde Kors har også tatt initiativ til ein spontan aksjon for å hjelpe familien med det mest nødvendige.

– Alt dei hadde, er tapt. Mannen i huset hadde ikkje ein gong sko då han sprang ut døra, fortel Odd Inge Blakkestad i Gol og Hemsedal Røde Kors hjelpekorps. 

Treng sko og klede

Han fortel at hjelpekorpset kjem til å stille mannskap på Røde Kors-huset på Elvero mellom klokka 19 og 20 i kveld for å ta imot utstyr, klede og sko.

– Det er ein familie på seks, mor far og fire ungar. Eg håpar me får respons. Dei treng sko og klede no i den første akuttfasen. Viss folk har noko å bidra med, er det til stor hjelp, seier Blakkestad. Gol og Hemsedal Røde Kors hjelpekorps har laga ei spesifisert liste over kva storleik dei ulike familiemedlemmene brukar i klede og sko (sjå faktaboks).  

 Politiet veit førebels ikkje kva som er årsaka til brannen. 

annonse