Familiemedlemer til elevane som er sett i heimekarantene, er ikkje omfatta av karantenetiltaka, understrekar kommuneoverlege Geir Strømmen.

Familiemedlemer er ikkje omfatta av karantenen

Heimekarantenen for dei to skuleklassane ved Ål vidaregåande skole og Gol vidaregåande skule vil bli vurdert på nytt fredag.

Det opplyser kommuneoverlege i Ål og Hol, Geir Strømmen.

Tysdag vart det slått koronaalarm ved dei to vidaregåande skulane. Alle elevane i to skuleklassar vart sett i heimekarantene.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har eit tilfelle der ein elev har vore i nærkontakt med eit påvist tilfelle av koronasmitte. På bakgrunn av dette har eg inntil vidare avgjort å sette klassen ved Gol vidaregåande skule i karantene. Dette som eit førebyggande tiltak, opplyste kommuneoverlege Jagannivasan Thurainayagam i Gol til Hallingdølen.

Ved Ål vidaregåande skole vart ein skuleklasse sett i heimekarantene etter at ein elev hadde vore i nærkontakt med ein person med påvist smitte.

Bekymra foreldre

Karantenetiltaka ved dei to skulane har utløyst stor pågang frå bekymra foreldre og elevar. Spørsmåla har vore knytt til omfanget av karantenen og konsekvensane for familiemedlemer.

- Tiltaka som er sett i verk er fyrst og fremst føre var-tiltak. Det er ikkje registrert smittesymptom hjå nokon av elevane. Det gjeld for begge skuleklassane, understrekar kommuneoverlege Geir Strømmen.

Kan fungere som normalt

– Heimekarantenen gjeld berre for elevane. Andre familiemedlemer er ikkje omfatta av tiltaka. Dei kan fungere som normalt. Søsken kan gå på skulen, og foreldra kan gå på arbeid, opplyser Strømmen.

Kommuneoverlegen forstår godt at mange er bekymra og har spørsmål. Men som sagt – det er ikkje registrert symptom på koronasmitte hjå nokon av elevane. Dersom dette ikkje endrar seg, vil ein fredag vurdere om heimekarantenen kan opphevast.