Bilete av den aktuelle bilen som sakna køyrde. Foto: Privat

Politiet: - Bilen er funnen, alt ok

Ei kvinne som køyrde frå Geilo onsdag var etterlyst av politiet.

Fredag klokka 10:23 melder politiet at saka er oppklart.

– Bilen er funnen. Alt ok, skriv politiet.

Ut frå meldinga torsdag kom det fram at kvinna vart meldt sakna onsdag kveld klokka 22.15. Kvinna hadde køyrd frå Geilo mot Gulsvik.

– Siste mobilsporing er i området Gulsvik ca kl 1500 i går, men ho kan ha køyrt vidare derifrå, opplyste operasjonsleiar Marius Knudsen ved Sør-Øst politidistrikt torsdag.

Torsdag kveld søkte politihelikopter i området Flå sentrum og i områda rundt, med bakgrunn i informasjon politiet har fått. Det vart også publisert bilete av bilen.

Fredag føremiddag melde politiet at bilen var funnen og alt var ok.

Les også
Heile ungdomsskulen sett i karantene etter smitte: – Uoversiktleg
Les også
Smittesituasjonen i Nesbyen: Den store konfirmasjonshelga kan ryke