Bak sikringsvollen er det både glede og lette. Fremst står regionsjef Anne Catrine Sverdrup og huseigar Arve Aasen. Bak, frå venstre, ingeniør i NVE, Harald Sakshaug, ingeniør i NVE, Eirik Traae, ordførar Tor Magnussen, entreprenør Per Turhus, prosjektingeniør Lars Oust i E-CO og avd.leiar i Nes kommune, Tor Dalevold.

Er glade og letta

No kan folka i «lysverkbustadene» på Nesbyen sova godt. – No er me trygge!

– Og så er me letta og glade, seier ein av dei, Arve Aasen.

Bustadfeltet nord for Nesbyen sentrum, som på folkemunne blir kalla «lysverkbustadene» har vore ramma av ras fleire gonger. Etter at eit stort ras gjorde store skader i bustadfeltet i 2007, vart det bygd ein sikringsvoll på oversida mot den rasfarlege Arnegårdlia. Men for eitt år sidan kom ei nytt ras. Skredet gjekk på sørsida av sikringsvollen og dundra inn i bustadfeltet att.

Artikkelen held fram under annonsen.

NVE reagerte raskt

– Det var veldig dramatisk då gjekk eit ras igjen. Då var det vår plikt å ta grep raskt og gjere bustadfeltet trygt, seier regionsjef i NVE sør, Anne Catrine Sverdrup.

No er bustadfeltet sikra skikkeleg. På eittårsdagen fredag vart det markert med ei synfaring med NVE, Nes kommune, entreprenøren Turhus Maskin og ein av bebuarane, Arve Aasen.

Sikringsvoll

Det er flytta 30.000 kbm med masse.

Sluttsynfaring på sikringsvollen. Alt er funne i orden, og ordførar Tor Magnussen signerer.
Sluttsynfaring på sikringsvollen. Alt er funne i orden, og ordførar Tor Magnussen signerer.
Ein 800 meter lang voll sikrar bustadfeltet mot nye ras.
Ein 800 meter lang voll sikrar bustadfeltet mot nye ras.
No kan bebuarane i "lysverkbustadene" i Nesbyen sove trygt.
No kan bebuarane i "lysverkbustadene" i Nesbyen sove trygt.
Ei gate oppover i lia vitnar om dramaet for eitt år sidan.
Ei gate oppover i lia vitnar om dramaet for eitt år sidan.

Resultatet er ein 800 meter lang sikringsvoll på oversida av bustadfeltet. Den er fem-seks meter høg. Bak vollen ligg det ein kanal som skal leie massane. Kjem jordmassane mot vollen, blir dei leidde nedover lia på baksida av vollen.

Seks millionar

Prisen er seks millionar kroner.

NVE har kosta omtrent heile prosjektet. Nes kommune betalte berre fem prosent. Etter flaumen i fjor bestemte, styresmaktene at dei rasramma kommunane skulle sleppe med ein liten del av utgiftene.

– Me er svært fornøgde. Både med finansieringsløysinga og med resultatet, seier ordførar Tor Magnussen.

Måtte evakuerast

Arve Aasen har opplevd to ras i bustadfeltet. Han rosar NVE, Norges geotekniske institutt (NGI) og kommunen

Artikkelen held fram under annonsen.

– Alle drog saman frå første kveld etter raset i fjor, seier Aasen.

Då vart 30 personar og seks hundar evakuerte frå bustadene sine. Aasen skrytte av beredskapen og det som vart gjort for bebuarane etter raset i fjor.

– Føler de dykk trygge no?

– Dei som bur nærmast lia har nok tenkt mykje på kva som kan kome. Men no er det trygt, og det betyr mykje for oss som bur her, seier han.

Heldt oppsyn

Arnegårdlia er rasutsett. Det har ekspertane slått fast.

På begge sider av bustadfeltet har det gått ras. Men det vart reagert raskt då det same bustadfeltet vart ramma ein gong til, seks år etter det førre raset.

– Me har halde oppsyn med dette området i Nesbyen fordi det har gått ras her før, seier regionsjef Sverdrup.

Vollen som vart bygd etter raset i 2007 var både for låg og for kort. No er bustadfeltet sikra ein gong for alle.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Og me kan sove godt, seier Anne Cathrine Sverdrup.