Her er eit døme på korleis du kan setje opp eit lag for å vere med og spele!

Er du den beste Fantasy-spelaren i Hallingdal? Meld deg inn i vår liga, og konkurrer om heider, ære og flotte premiar

Har du den skarpaste fotballskallen i dalføret? Eller over middels god til å tippe?

Då bør du melde deg på Hallingdølens Fantasy-liga «Hallingdølen PremieLiga» og vere med i konkurransen om feite premiar!

Og ikkje minst: Tittelen «Hallingdals beste Fantasy-spelar».

Artikkelen held fram under annonsen.

Fredag 16. august startar Premier League-sesongen 2024/25. Det betyr også starten på ein ny vinter med frustrasjon og glede for dei som er kjent med Fantasy Premier League.

Mange millionar spelarar verda over deltek kvart einaste år. Denne hausten klinkar Hallingdølen til med eigen liga, for å finne ut av kven som er den fremste eksperten i Hallingdal.

I faktaboksen får du oppskrifta på korleis du deltek.

Slik melder du deg på

* Gå inn på fantasy.premierleague.com.

* Lag deg ein brukar. Dette er gratis.

* Sett opp laget du ønsker å stille med. Du vel ut 15 spelarar, ut frå den pengepotten du har fått utdelt. Om du ikke er ekspert på engelsk fotball, kan du be om ei automatisk utfylling av laget ditt.

* Vel deg eit namn på laget ditt.

Då er du registrert som Fantasy-spelar! For å bli med i Hallingdølens liga, må du gjere følgande:

* Gå inn på sida «leagues and cups». Den finn du her: fantasy.premierleague.com/leagues.

* Der vel du «create and join new leagues and cups». Deretter vel du å bli med i ein alt eksisterande liga. Her kan du bruke denne koden for å bli med:

5ch0bm

Vips - då er du klar!

Låg terskel

Om du vil henge med i konkurransen, er fristen for å melde inn lag fredag 16. august klokka 18.30. Det er mogleg å hive seg med etter dette også, men då mistar du viktige poeng i den aller første Premier League-runden.

Me oppfordrar deg til å utfordre vener, kjente og eventuelle fotballfiender til å delta.

Sesongen varer heilt fram til mai neste år. Undervegs kjem Hallingdølen til å følgje opp status i PremieLigaen, og trekke fram dei som gjer det godt. Me vil kome med eksperttips frå lokale «forståsegpåarar», og lage podkastar med Fantasy-tema.

Hugs at du ikkje må vere fotballekspert for å slenge deg med! Det går an å be om automatisk utfylling av eit lag, og deretter lene seg på kva ekspertane rår deg til.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bil, hotell og tretopphytte

Om du klatrar heilt til topps i Hallingdølens liga, kan du vente deg solide premiar:

* 1. plassen får ein månad fri bruk av ein BYD-bil i sommarferien 2025, sponsa av Berg Auto, avdeling Gol.

* 2. plassen stikk av med ein weekend på Fyri i Hemsedal. Overnatting for to personar, treretters middag og pool club.

* 3. plassen vinn eit helgeopphald i Tveitehaug tretopphytter i Ål.

* 4. plassen får eit gåvkort på 2000 kroner frå Sport1 Geilo/Nesbyen.

* 5. plassen får eit årsabonnement på Hallingdølen.

Om du ikkje heng heilt med i toppen i starten, treng du heller ikkje fortvile. Undervegs gjennom vinteren kjem me til å blinke ut enkelte rundar, der me kårar ein rein rundevinnar og byr på premiar.

Ein real spurtpris, om du vil.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hiv deg rundt og meld deg på!

Dette biletet er eit illustrasjonsbilete. Vinnaren av ein månad fri bruk av Byd vil få tilgang til ein av dei større modellane dei har. Her skal det vere rikeleg med plass til å ta med heile familien på ferie!
Den som tek andreplassen vinn eit weekendopphald på Fyri i Hemsedal, for to personar. Samt treretters middag begge dagar og pool club.
3. premien er overnatting i Tveitehaug tretopphytter i Ål.