Elevane trur kuttforslag kan få store konsekvensar: – Det er drastiske tiltak
Idrettselevane ved Gol vgs håpar linja får bestå. Viss ikkje spår dei fleire demotiverte ungdommar og fråflytting.
Hallingdølen møter elevane i tredjeklasse på idrettslinja ved Gol vidaregåande skule torsdag føremiddag. Dei har reist til Hemsedal Golf Alpint for å teste ein ny idrett. Fleire har fått med seg kuttforslaga som vart lagt fram for fylkesutvalet i Buskerud onsdag. Blant forslaga er å gjere idrettslinja om til studiespesialisering.
– Det er drastiske tiltak som vil råke mange, seier Mathias Sætre Jensen (17) frå Nesbyen. Både han og klassekameratane trur grepet vil få fleire negative konsekvensar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Må ungdommen flytte?
Sjølv vil dei ikkje merke noko til dette, for dei er ferdige på skulen neste sommar. Men de er opptekne at elevane som kjem etterpå skal ha fleire valmogelegheiter.
– Det har vore mykje prat om å få yngre vaksne til Hallingdal gjennom ny campus. Då gir det ikkje mykje meining å først kutte dramalinja, deretter idrett. Då må jo også ungdommen flytte vekk, seier Thilo Fossum Walaker.
Sjølv valde han idrettslinja for å kunne vere aktiv, og fordi han hadde høyrd mykje bra om det sosiale samhaldet. Det same er tilfellet for Tuva Christensen frå Geilo:
– Eg er ikkje så glad i å sitje stille heile tida. Åtte timar med teoretiske fag kvar dag hadde blitt mykje, seier ho.
Meir fråfall
Elevane trur fleire vil vurdere å flytte på hybel dersom tilbodet forsvinn. Men det er heller ikkje rett fram:
– Det er ikkje alle som har råd til å flytte for seg sjølv så tidleg, seier Walaker. Dessutan er 15-16 år ungt, peiker dei på.
– I så fall ender fleire opp med å gå på linjer dei eigentleg ikkje vil, og dei vil kanskje ikkje trivast like godt, seier Tuva Christensen. Elevane er samde om at det kan bety større fråfall i vidaregåande skule.
Det synspunktet deler læraren Trude Andersen Børtnes:
Artikkelen held fram under annonsen.
– Dei siste åra har me hatt 100 prosent gjennomføring på idrettslinja. Det er lite fråvær og høge søkjartal, seier ho.
Motivasjon på ungdomsskulen
Walaker, Jensen og Christensen trur tett oppfølging frå lærarane er noko av årsaka til at trivselen er høg. I løpet av dei tre åra blir dei godt kjent med kvarandre, både i klasserommet og ute på tur.
Dei synest det er rart at kutt skal gå utover ei linje som er så populær.
– Det kan jo føre til at elevar på ungdomsskulen ikkje blir like motiverte til å få gode resultat. Dei veit jo at dei kjem inn på studiespesialisering uansett, seier Jensen som også er ein aktiv HFK-spelar.
– Var idrettslinja ein motivasjon då de gjekk på ungdomsskulen?
– Ja, heilt klart. Eg jobba for å kome inn her, svarar han.
– Kva har du å sjå fram mot viss det ikkje finst noko spennande å velje på vidaregåande?, spør Tuva Christensen.
Konsekvens for idrettslaga
Alle dei tre elevane Hallingdølen prata med har hatt idrettsrelaterte jobbar ved sida av skulen. Både som fotballtrenar, leiar i aktivitetsskule og trenar for alpingrupper.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg har jobba heile sommaren med barn i idrettshallen på Nesbyen. På denne linja lærer me ting som me kan ta med ut til ungane, seier Jensen.
Lærar Trude Andersen Børtnes trur ringverknadene av å miste idrettslinja vil gå langt utover elevane sjølve:
– Eg tenkjer til dømes på alle idrettslaga i Hallingdal som har rekruttert trenarar herfrå i årevis. Kva gjer dei viss dei mest engasjerte ungdommane flyttar ut av dalen? Eg er redd for at dette forslaget kan skade eit sterkt idretts- og ungdomsmiljø i Hallingdal.
Budsjettet i Buskerud fylkeskommune blir vedteke av Fylkestinget i desember.