Eit tvangssal kan ta lang tid. Og dersom uteståande krav blir betalt, kan eigaren stoppe salet. Såleis er det uvisst korleis situasjonen kring Ålingen kjøpesenter vil ende.
Eit tvangssal kan ta lang tid. Og dersom uteståande krav blir betalt, kan eigaren stoppe salet. Såleis er det uvisst korleis situasjonen kring Ålingen kjøpesenter vil ende. Foto: Caroline Utti

– Eit kvart tvangssal kan stoppast

Tvangssalet av Ålingen kjøpesenter står førebels relativt stille. Men så fort eigedomsmeklaren får taksten på bordet, kjem kjøpesenteret ut på marknaden.

Sist veke skreiv Hallingdølen om tvangssal av Ålingen kjøpesenter. Avgjerda kjem frå Hallingdal tingrett, som har fått inn to begjæringar, eller krav om tvangssal. Krava kjem frå Sparebank 1 Hallingdal Valdres og Ål kommune.

Ventar på takst

Dagleg leiar og eigedomsmeklar June Langeland i Privatmegleren Hallingdal er utnemnt til såkalla «medhjelpar» i saka. Det er altså ho som skal ta seg av sjølve salsprosessen.

– No skal eigedomen takserast, før han så blir lagt ut for sal, seier Langeland.

Prosessen har førebels ikkje kome lenger enn at eigedomsmeklaren jobbar med å hente inn nødvendige opplysningar knytt til salet. Kva tid kjøpesenteret kjem på marknaden er førebels uvisst.

– Me må aller fyrst få taksten. Og taksering av næringseigedom tek ofte lenger tid enn taksering av bustad eller hytte. Men når me fyrst har fått taksten går det ikkje lang tid før eigedomen blir lagt ut for sal, seier ho. – Tvangssal tek ofte lang tid. Det følgjer av tvangsloven – til dømes er det visse ankefristar som gjeld for eit slikt sal, legg ho til.

Tidkrevjande

Når kjøpesenteret kjem på marknaden blir det opna for at interesserte kjøparar kan gje bod, på same måte som ved eit «vanleg» sal. Eventuelle bod som kjem inn blir sendt vidare til saksøkar, eller kreditor. I dette tilfellet er banken og kommunen båe saksøkarar med kvar sin kreditor. Deretter tek kreditor eller saksøkar stilling til om dei vil akseptere bodet som er kome inn. Dersom dei aksepterer bodet blir det sendt vidare til tingretten for stadfesting. Såleis er det tingretten som sit med den endelege avgjerda.

– Kor lett er det å selje ein slik eigedom?

– Det har ikkje vore mange kjøpesenter i Hallingdal ute for sal. Men det er klart – for nokre er dette heilt sikkert ein interessant eigedom. Men det vil me jo sjå når me har lagt han ut på marknaden.

Eigaren kan stoppe salet

– Kan dagens eigar stoppe tvangssalet viss han legg pengane på bordet?

– Ja, det kan han. Eit kvart tvangssal kan stoppast viss kravet blir gjort opp, seier Langeland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sentereigar Bysenter Invest AS og Magne Modalsli har ubetalt gjeld hjå både Sparebank 1 Hallingdal Valdres og Ål kommune. Det er også dette som er bakgrunnen for krava om tvangssal. Men dersom Modalsli kan refinansiere Ålingen kjøpesenter, eller på anna vis betale gjelda hjå banken og kommunen kan altså tvangssalet stoppast.Sist veke sa Magne Modalsli til Hallingdølen at han såg tvangssalet som «uproblematisk», og at han alt var i gang med refinansiering av kjøpesenteret.