Kommuneoverlege i Nesbyen, Nils Høva fortel om eit nytt smittetilfelle i kommunen. Det er det andre sidan jul.

Ein smitta i Nesbyen - sit isolert på hytta

Personen har ikkje vore i kontakt med andre etter at vedkommande kom på hytta.

– Personen vart testa i Nesbyen i går, fortel kommuneoverlege Nils Høva.

Les også
Forlenger påbodet om munnbind i to nye veker

Den smitta er ein hyttebuar, og kom til kommunen fredag.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har full kontroll på denne situasjonen. Etter at personen kom på hytta, har det ikkje vore kontakt med andre menneske, seier Høva.

Han hadde ein prat med vedkommande tysdag formiddag, og tilfellet har ikkje utløyst nokon lokal sporingsjobb.

Les også
Nytt smittetilfelle i Ål - nærkontaktar er alt testa
Les også
Fekk bekrefta koronasmitte - fire er sett i karantene
Les også
Frykta smitte — stengde barnehage