Koronatesting: Testing av koronasmitte ved Ål legevakt, onsdag 06. januar 2021 Foto: Elias Dahlen

Ein smitta - 27 personar i karantene

Eit nytt positivt smittetilfelle er bekrefta i Hemsedal. Tilfellet er knytt til hendinga med dei private festane sist helg.

– Sporingsgruppa vår har jobba utan stopp sidan 11.30 i dag. Då dei avrunda ved 18.30-tida var 27 personar sett i karantene, og deira nærkontaktar i ventekarantene, fortel kommuneoverlege Camilla Underland til Hallingdølen laurdag kveld.

Tilfellet har samanheng med det som skjedde i Hemsedal sist helg. Ein utanbygds gjeng var på besøk i kommunen, og var på fleire private festar. Det viste seg seinare at dei hadde smitte med seg.

Hemsedal vart ikkje kjent med dette før onsdag kveld. Då var i alt 10 personar i turfølgjet bekrefta smitta. No er dette talet kome opp i 11. Alle desse 11 har reist heim til eigen kommune.

Varsla ikkje sporingsgruppa

Det er i samband med det 11. og ferskaste smittetilfellet at Hemsedal no har fått ein ny positiv prøve.

Smittesporingsgruppa i Hemsedal møtte massiv motstand frå den utanbygds gjengen då dei starta sporing onsdag og torsdag. Dei vart både skjelt ut og møtt med lygner då dei kontakta dei smitta. Heller ikkje laurdag gjekk det knirkefritt for seg:

Normalt sett får smittesporarane beskjed frå dei smitta om kven dei har som nærkontaktar. Men i dette tilellet valde den utanbygds smitta å la vere å fortelje om nærkontakten i Hemsedal til sporingsgruppa. I staden ringte vedkommande sjølv opp hemsedølen, og bad denne om å teste seg.

Hemsedølen gjorde alt rett, og kontakta kommunen for testing.

– Den smitta i den andre kommunen burde varsla oss om nærkontaktane. Det hadde vore den rette vegen å gå, seier Underland.

– Det var derfor litt overraskande å få dette svaret.

Trur det er ramma inn

I løpet av laurdag ettermiddag har 18 personar blitt testa med hurtigtest i Hemsedal. Alle desse viste seg å vere negative. No ventar kommunen på svar på dei ordinære prøvene.

Artikkelen held fram under annonsen.

Truleg kjem dei i løpet av sundag.

– Me trur at me har ramma inn dette tilfellet godt, og at me har kontroll, seier Underland.

Les også
Over 5000 hallingar har fått vaksine