TF2 er eit skytespel utvikla av amerikanske Valve Software.
TF2 er eit skytespel utvikla av amerikanske Valve Software.

Driv med dataspel i skuletida

Elevar i Hemsedal får drive med dataspel i timen. Anders Lirhus, Eirik Skølt og Olaf Zbierzchowski har til og med vunne pris på det.

Heime går det mest i Team Fortress II for Olaf Zbierzchowski. Anders Lirhus er for tida mest ivrig på Dark Souls II. Eirik Skølt held ein knapp på Rome II.

På skulen går det i spelprogrammering. Deira første produksjon har dei kalla «KoduVenture». Spelet har dei alt vunne pris for. Tidleg i mai henta dei heim pokalen som beste KoduBuilder, som ein av fire prisutdelingar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Teknologi i praksis

Teknologi i praksis er eit valfag berre enkelte skular tilbyr. I Hallingdal er det berre Hemsedal og Ål som tilbyr faget i år, og berre i Hemsedal faget også inkluderer spelprogrammering.

– Eg syntest dette verka mest spennande, seier Anders Lirhus om valet av årets valfag. Mens han og kameratane tidlegare berre hadde spelt, har dei no fått eit innblikk i kva som gjer at spela fungerer som dei gjer.

– Målet er å auke interessa for realfag, seier Eva Marianne Bodin, lærar og IKT-ansvarleg ved Hemsedal barne- og ungdomsskule.

Action-rollespel utvikla av japanske From Software.
Action-rollespel utvikla av japanske From Software.
Strategispel med fiktive historisk kampar, no utvikla av spelgiganten Sega.
Strategispel med fiktive historisk kampar, no utvikla av spelgiganten Sega.
Eirik Skølt, Olaf Zbierzchowski og Anders Lirhus kom nyleg heim frå Kodu-finale i Kongsberg, med pokal og ein Xbox i premie.
Eirik Skølt, Olaf Zbierzchowski og Anders Lirhus kom nyleg heim frå Kodu-finale i Kongsberg, med pokal og ein Xbox i premie.
Bak alle små detaljar i eit spel er det koding.
Bak alle små detaljar i eit spel er det koding.
Eirik Skølt, Olaf Zbierzchowski og Anders Lirhus har dataprogrammering som valfag på skulen.
Eirik Skølt, Olaf Zbierzchowski og Anders Lirhus har dataprogrammering som valfag på skulen.
Eva Marianne Bodin, læar og IKT-ansvarleg ved Hemsedal barne- og ungdomsskule
Eva Marianne Bodin, læar og IKT-ansvarleg ved Hemsedal barne- og ungdomsskule

«Lær kidsa koding»

Læraren er tilhengar av at dei unge også må lære seg «språket» for teknologien. Eit Microsoft-basert spelprogrammeringsprogram ved namn Kodu er ein grei inngang.

«Lær kidsa koding», seier ho og stadig fleire som no utgjer eit nasjonalt nettverk av datakunnige IKT-misjonærar. Det er med koding framtida skal byggast.

– Kva har de eigentleg lært?

– At koding tek tid, så ein må vere tolmodig, seier Eirik Skølt.

I gang med spel nummer to

Om det blir jobb i spelindustrien, til dømes hos Sega, Playstation eller Xbox, eller om det blir realistar Norge kan bruke i eigen industribygging vil berre framtida vise.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me ville gjort meir ut av det, men programmet har visse avgrensingar. Ein må ha meir tid og eit kraftigare program for å få til alt ein vil, seier Olaf Zbierzchowski. Han både viser og forklarar korleis dei har gått fram.

– Neste steg blir å programmering i Java, legg han til. Dei tre er alt i gang med sitt andre spel. Om eit år vil dei konkurrere heilt i toppen av datacupen.

– Men eg for min del er sikker på at eg ikkje kjem til å jobbe med programmering, seier Lirhus. Det er jo ei avklaring det også.

Målet er å auke interessa for realfag.

Eva Marianne Bodin

Sjå video

* Nokre skular tilbyr teknologi i praksis som valfag.

* I Hallingdal gjeld dette Hemsedal og Ål. Berre Hemsedal tilbyr spelprogrammering.

* Microsoft sin Kodu Game Lab tilbyr eit dataprogram som gjer det mogeleg for barn og unge å lære programmering.

*Tre elevar frå Hemsedal melde seg på årets Kodu-cup, der dei også vann pris.

* «Lær kidsa koding» er eit nettverk for folk som ønskjer å lære barn IT.