Vetle Sjåstad Christiansen under mixed stafett i VM Skiskyting  2019 Östersund, Sverige.
Vetle Sjåstad Christiansen under mixed stafett i VM Skiskyting 2019 Östersund, Sverige.

Draumedebut for Christiansen

VM-debutant Vetle Sjåstad Christiansen leverte til gull som ankermann på mixed-stafetten i Østersund.

Det norske laget var blant førehandsfavorittane då mixedstafett stod på programmet i Østersund. Med medaljepresset på seg innfridde dei til dei grader med VM-gull i dei svenske skogane.

Marte Olsbu Røiseland gjekk fyrstetappa og veksla likt med Italia, då ho sendte ut Tiril Eckhoff på andretappa. Også ho gjekk ei god etappe, trass i at ho måtte ta i bruk fleire ekstraskot. Ho sendte ut Johannes Thingnes Bø, som gav ankermannen frå Geilo eit godt utgangspunkt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Spent

Etter fleire kalde dagar i VM-byen, kom snøen for alvor torsdag morgon. Før start var ankermann Vetle Sjåstad Christiansen usikker på det tunge føret passa han, men lova å gle seg til VM-debuten framfor å la nervar ta overhand..

Johannes Thingnes Bø sendte geilingen ut på sisteetappa med forsprang på 15 sekund ned til Tyskland og Benedikt Doll.

- Ein god skytter, kald fisk og ein god spurter, meinte ekspertane om geilingen undervegs.

Vetle Sjåstad Christiansen takla presset på VM-stafetten.
Vetle Sjåstad Christiansen takla presset på VM-stafetten.

Solid ankeretappe

På fyrste serien leverte Christiansen ein rask og god serie, og fekk ned alle fem blinkane. Tyskaren gjorde det same og fulgte 9,5 sekund etter geilingen ut på andrerunden.  Før VM var den store draumen å gå inn på siste ståande i duellsituasjon. Den fekk han oppfyllt på stafetten. Tyskaren kom inn nokre få sekund etter geilingen. Der leverte Vetle Sjåstad Christiansen ein suveren ståandeserie med fem blinkar rett ned. Han gjekk ut med 18,5 sekund forsprang på Doll og Tyskland, som til slutt tok sølvet. Italia tok bronsemedaljen, men var halvtanna minutt bak den norske kvartetten.

- Det er så moro å sjå ein utøvar som har jobba så lenge lukkast. Det var ein perfekt ståande serie, sa Ola Lunde.

Fornøgd meister

- Eg gjekk gjennom mange scenarier før start i dag, mellom anna det som vart realiteten i dag. Eg gjekk heilt i mi eiga verd der ute, og det funka bra, meinte geilingen etter VM-gullet.

- Heilt frå du var liten gut og dreiv med skiskyting i Hallingdal, har dette vore draumen. No har du teke gull i VM, med eit lag, for Norge. Kva tankar gjer du deg? spurte NRK-ekspert Ole-Kristian Stoltenberg ein sliten, men rørt verdsmeister.

- Når du seier det slik går det litt opp for meg kva som har skjedd. Det er utruleg stort for ein enkel sjel frå Hallingdal, oppsummerte geilingen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sjå video: VM i Skiskyting 2019 – her er alt du trenger å vite