Eline Grue (Kvikne IL) tok eit overraskande NM-gull på sprinten på Liatoppen.
Eline Grue (Kvikne IL) tok eit overraskande NM-gull på sprinten på Liatoppen.

Dramatikk då Grue gjekk inn til NM-gull

Det var både glede og tårer i målområdet under innspurten av kvinnesprinten i NM.

Eline Grue tok NM-gull på sprinten i kvinneklassa. Med feilfri skyting var Kvikne-løparen suveren. Men først hadde Karoline O. Knotten (Vingrom IL) gått i mål til bestetid og blitt utropt som vinnar over høgtalaranlegget.

Lykka over NM-sigeren vart kortvarig. Etter målpassering vart ho informert om at ho hadde gløymd å gå strafferunde for ein bom på siste skyting. Dermed vart to minutt tidsstraff lagt på tida hennar. I staden for å ta medalje, enda ho opp på ein delt 26.-plass. Tungt og bittert for Vingrom-jenta.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg fokuserte på å gå fort og angripe. Eg var fornøgd med skytinga, og tenkte ikkje på at eg hadde ein bom då eg passerte strafferunden, sa ho til NRK etter at ho hadde fått samla seg og tørka tårene.  – Men det er kjipt. Det er NM, og det betyr noko, sa Knotten. 

Ingela Andersson hadde nest beste tid i konkurransen, men som svenske fekk ho ikkje NM-sølv. Det gjekk til Jenny Enodd (Budal IL / Trondheim Biathlon Team), mens Randi Sollid Nordvang (Vingelen IL / Team Kjelstad) tok bronsen.

Kvinnesprinten var gjennomført utan at dei beste landslagsprofilane stilte til start. Fredag kveld vart det kjent at verken Tiril Eckhoff, Synnøve Solemdal eller Ingrid Landmark Tandrevold kom til å gå rennet. Og på løpsdagen vart det også forfall frå Marte Olsbu Røiseland.

Karoline Offigstad Knotten (Vingrom IL) hadde sjanse til å kjempe om NM-gull. Men ho fekk to minutt tidsstraff etter at ho gløymde ein strafferunde. Etter først å ha bli utropt til vinnar, enda det med 26.-plass.
Karoline Offigstad Knotten (Vingrom IL) hadde sjanse til å kjempe om NM-gull. Men ho fekk to minutt tidsstraff etter at ho gløymde ein strafferunde. Etter først å ha bli utropt til vinnar, enda det med 26.-plass.

Dei to siste landslagsjentene, Thekla Brun-Lie og Emilie Ågheim Kalkenberg, gjekk i mål til høvesvis ein 15.-plass og ein 41.-plass.