annonse

Dominerte på heimebane

Mål
Hallingmo: HFK dominerte på heimebane og vann 5-0 då dei møtte BIrkebeineren fredag kveld. (Foto: Elias Dahlen)

Fredagens heimekamp mot Birkebeineren vart ein lett match for HFK.

Caroline Utti

Før sommaren låg herrelaget til HFK an til å gjera ein av dei svakaste sesongane på mange år. Men med ein så langt sterkare haustsesong, har HFK framleis håp om å hindre nedrykk og berge NM. Det var såleis stor spenning knytt til fredagens kamp mot Birkebeineren på Hallingmo. Og heimelaget viste tidleg kven som var sjef. Etter 18 spelte minutt stod stillinga 3-0 til HFK. Til pause hadde heimelaget sikra seg endå eit mål. Heller ikkje i andreomgangen greidde Birkebeineren å hevde seg. HFK leika seg gjennom dei siste 45 minutta, og banka inn endå eit mål. Kampen enda 5-0 til HFK. Dermed ligg herrelaget no på sjuandeplass på tabellen.

annonse