annonse

Dødsulykke på Golsfjellet

ULYKKE
ULYKKE: Fv51 er stengt etter ein front mot front-kollisjon. Ein varebil og ein lastebil er involvert i ulykka. (Foto: Geir Helge Skattebo, Avisa Valdres)

Ein varebil og ein lastebil frontkolliderte på Fv51 tysdag føremiddag.

Tone Merete Tho

Fv51 Golsfjellet var tysdag sperra etter ei trafikkulykke. Politiet fekk melding klokka 10.52 om at ein varebil og ein lastebil hadde frontkollidert. Nødetatane rykte ut til staden, og det vart opplyst at det var svært glatt vegbane.

Ulykka skjedde ved Haugerud, ikkje langt unna avkjøringa til Vestringsbygda. 

Ifølgje avisa Valdres, som var på staden, vart ein person raskt stadfesta omkomen.

Det er personen i varebilen som er omkomen i ulykka.

Politiet i Innlandet opplyser at vegen ville vera stengt lenge på grunn av tekniske undersøkingar. Utpå ettermiddagen begynte dei å sleppe bilar forbi ulykkesstaden puljevis, men undersøkingane heldt fram.

Politiet veit førebels ikkje noko om årsaka til kollisjonen.

annonse