Ulykka i Nesbyen i november der ei ti år gammal jente på veg til skulen vart påkøyrt.
Ulykka i Nesbyen i november der ei ti år gammal jente på veg til skulen vart påkøyrt.

Dette klikka du på i 2018

Hallingdølen hadde over 7,5 millionar sidevisingar på nettsida si i fjor.

Det er liten tvil om at det er krimsaker og ulykker som trekkjer flest lesarar på hallingdølen.no. Av dei

Men ogsåhotellplanar i Nes, ogFarmen-bråket med ein uvdøl i spissen, fekk mange lesarar til å klikke seg inn i 2018.

Artikkelen held fram under annonsen.

Krim og skatt

Nettsida til Hallingdølen hadde 7.550.635 sidevisingar i 2018. Det er ny rekord, då talet for 2017 vær rett under sju millionar sidevisingar.

Nyheita om den dramatiske ulykka der ei jente (10) på veg til skulen i Nesbyenvart påkøyrt av ein lastebil var den mest lesne artikkelen på hallingdølen.no i 2018. Jenta vart sendt til sjukehus i luftambulanse, med alvorlege skader i føtene. Jenta er framleis under behandling og me møtte henne att seinare, i avisa i romjula, då ho hadde hattbesøk på sjukehuset av sjølvaste Dronning Sonja.Ulykka skjedde i november.

Nest mest lese var ein av artiklane etter at skattelistene var lagt ut: Den som synteti på topp innan skatt, inntekt og formue i Hallingdal og Nore og Uvdal.

«Noko skjer i Nesbyen om natta» er den saka som hadde tredje høgast besøk på Hallingdølens nettside i fjor. Artikkelen handla om at uvedkommande luskar rundt husveggene nattetid, og politiet ber folk halde dørene lås om natta.

Topp ti på hallingdølen.no 2018:

1. 10 år gammal jente påkøyrt på veg til skulen – kraftig vekkar for Nes kommune (ulykka skjedde i Nesbyen sentrum i november)

2. Skattelistene: Her ti-på-topp i Hallingdal (skattelistene vart offentleggjort i november)

3. Noko skjer i Nesbyen om natta (politiet gjekk ut med åtvaring i desember)

4. Kjøpesentera i Ål og Nesbyen tatt i arrest (om konkursane i Modalsli-selskap, i desember)

Artikkelen held fram under annonsen.

5. Bil tok fyr på Rv7 (trafikkulykke ved Torpo i november)

6. Kollisjon på Rv7 (kvinne måtte til legevakt etter kollisjon i Kvisla i Hol i november)

7. Det ryk framleis frå branntomta (familie på seks mista huset og alt dei eigde i ein brann i Gol i november)

8. Nesningar kjøper gammalt hotell (Helge Rustand og Endre Storhaug kjøper gamle Østenfor hotell, vart kjent i desember)

9. Jeg har ikke prata med Tonje siden finalen (reportasje etter at uvdølen Kjetil Nørstebø tapte «Farmen-finalen i desember)

10. Vil bygge «Farmen»-hytta i Hallingdal (intervju med vinnar Tonje Frøystad Garvik i tv-serien «Farmen», i desember)

I appen

Hallingdølen lanserte ein ny mobilapp i 2018, og herifrå kan me sende ut nyheitsvarsel. Av dei artiklane me tipsa lesarane om, var detei møteulykke på Kikut i desember som fekk størst besøk. Her kolliderte ein mann i ein varebil med ein skulebuss. Mannen omkom.

På dei to neste plassane over mest lesne artiklar i appen kjembrann i bustadhus på Gol ogbarneskuleelev påkøyrd av lastebil i Nes.

Artikkelen held fram under annonsen.

LES OGSÅ: Dette klikka du på i 2017