annonse

– Dette er rett og slett hærverk

Ramponert
Ramponert: Ruter er knust og bilar ramponert ved flyplassen på Dagali. (Foto: Privat)
Omfattande
Omfattande: Det er gjort hærverk på bilar som stod parkert ved flyplassen på Dagali. (Foto: Privat)
Hærverk
Hærverk: Politiet etterlyser vitne etter at det vart gjort grove hærverk på Dagali flyplass sundag. (Foto: Arkiv)

Fire fly og fleire bilar vart ramponerte på Dagali flyplass sundag.

Magnus Lindahl

Politiet fekk inn melding om skadeverket måndag.

– Me jobbar med å få oversikt over kva som har skjedd, seier seksjonssjef for etterforsking i Hallingdal, Kari Birgit Møllerplass

Tømte brannsløkkingsapparat

– Rett og slett hærverk, seier dagleg leiar i Dagali Opplevelser, Elisabeth Kristiansen.

Opplevingsselskapet har base på flyplassen og tilbyr både gokart, bilslalåm og rafting. Området er overvaka med kamera. Bileta viser at det er to gutar med fiskeutstyr som kom gjennom porten. Porten står alltid open for at fiskarar kan passere området ned til elva. Inne på flyplassområdet prøvde dei først å starte gokartane før dei gjekk vidare til racerbilane. Der dytta dei bilane i kvarandre før dei gjekk mot hangarane der flya står.

– Først knuste dei alle rutene i to privatbilar. Inne i flya tømte dei brannsløkkingsapparat og søla til med olje, seier Kristiansen.

Vil ha tips

Politiet gjorde undersøkingar på området måndag.

– Det er oppretta saker og gjort undersøkingar på åstaden og sikra spor, seier Møllerplass.

Blant spora er opptak frå kameraovervaking.

– Saka blir no etterforska som skadeverk, seier Møllerplass.

Politiet etterlyser vitne som har vore i Dagali-området sist helg.

– Me har behov for tips. Om nokon har sett noko, er me interesserte i det. Det gjeld mellom anna ein mørk SUV med skiboks, seier Møllerplass.

annonse