Kommuneoverlegane ber folk teste seg. Her eit bilete frå testing i Ål i starten av januar.

– Det er ingenting som heiter «lett forkjøling» i dag. Det er korona til det motsette er bevist

Det er ingen mistanke om at det muterte viruset har nådd Hallingdal, men kommuneoverlegane veit at smitte kan gå under radaren. Dei har ein innstendig bøn om at folk må vere snare med å teste seg.

– Ikkje grader ned symptoma. Kjenner du på noko, la deg teste og bli heime. Det er utruleg viktig for at me skal kunne avdekke og kartlegge eventuelt skjult smitte rundt oss. Me har fått signal om at folk ikkje tek koronatest fordi dei meiner dei berre har ei lett forkjøling. Det er ingenting som heiter lett forkjøling i dag - det er korona til det motsette er bevist, seier kommuneoverlege Camilla Underland i Hemsedal.

Minner om «TISK»

I løpet av dei siste dagane har 25 kommunar blitt stengt ned etter at det vart oppdaga eit utbrot av det britiske muterte viruset i Nordre Follo. Kor mykje det har spreidd seg vidare, veit ein enno ikkje.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er ingen mistanke om at me har det i Hallingdal. Men me veit at ting kan gå under radaren, og at smitta kan ha lite symptom. Me må alle gjere det me kan, og støtte opp under TISK-strategien, seier ho.

Les også
Ingen nye tiltak i Hallingdal - Høie har eit klart råd til alle som er på hytta

TISK står for testing, isolering, smittesporing og karantene. Dette er ein strategi kommunane har følgt lenge, og som gjer at ein raskt kan slå ned eventuelle utbrot og spreiing. Men då er dei avhengig av at folk faktisk let seg teste.

Må ha rask analyse

Dei siste døgna har det vore mykje fokus på at det tek lang tid å analysere prøver med mistenkt mutert virus hjå Folkehelseinstituttet (FHI). Danmark har til samanlikning sett store ressursar inn på å auke kapasiteten for analyse, og Underland meiner takta må aukast også i Norge.

– Det er kjempeviktig. Alt det me driv med baserer seg på at me greier å avdekke ting raskt. Me må vite kva som går føre seg, og kva for type virus og mutantar me har med å gjere. Eg veit det blir jobba med å betre dette systemet, slik at det blir mogleg å gjere slike analyser på alle laboratoria, seier ho.

Kommuneoverlege i Hemsedal, Camilla Underland.

Helsemyndigheitene har påpeika at ein førebels ikkje veit mykje om spreiinga av mutanten. Assisterande helsedirektør Espen Nakstad sa følgjande til VG måndag:

– Kor mykje det har spreidd seg til ulike kommunar veit me ikkje enno. Det er til dømes nokre utbrot i Oslo som dei prøver å kartlegge.

– Is i magen

Underland i Hemsedal seier det er utruleg viktig at alle gjer alt rett no, for å unngå mogleg spreiing.

– Det har ikkje vore utbrot i Hallingdal sidan jul. Kan me tru at me har unngått å få mutanten til dalen?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er for tidleg å seie. Eg trur me må ha is i magen. Dette handlar ikkje berre om smitte rett frå epi-senteret Nordre Follo, me veit ikkje kor mykje det kan ha spreidd seg utover i andre kommunar og eventuelt mot oss. Det har ikkje gått nok tid. Me er inne i ein «vente-periode» no, seier Underland.

– Det som talar til vår fordel er at då denne mutanten begynte å spreie seg så hadde me alt skjerpa nasjonale føringar etter jul og nyttår. Det kan vere hell i uhell. Men me må gi dette meir tid.

Les også
Ein smitta i Hemsedal - over 40 i karantene
Les også
Legen etter ny smitte i Gol: — Me må ikkje sleppe opp