Sommaren 2014 brann det i skogen i Beia, ovanfor Nesbyen. Både lokale brannmannskap og mannskap frå andre stader kjempa mot flammane i over ei veke. I år har Hallingdal blitt spart for store operasjonar, trass den ekstreme skogbrannfaren.

Det er ekstremt tørt i skogen

Onsdagen starta med gråvêr og etterlengta regn. Men ein liten regnskvett er ikkje nok. – Det er framleis totalforbod mot open eld i heile Hallingdal.

Det seier brannsjef i Hol, Pål Bjerke. Kombinasjonen av ekstrem tørke og torevêr, har resultert i hundrevis av skogbrannar i heile Sør-Norge. Dei siste vekene har det vore brannar i Agder, Telemark, Akershus, Vestfold, Østfold og mange stader i Buskerud.

Hallingdal har slept billig frå det

NRK skreiv tysdag om brannmannskap i Halden som er utslitne etter å ha kjempa mot skogbrannar natt og dag. Skogbrannberedskapen har også gått ut over økonomien til mange kommunale brannvesen. Overtidsbruk har ført til at budsjetta er brukt opp for lengst.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er ekstrem skogbrannfare. Me hadde forventa større aktivitet, men tørkesommaren har så langt ikkje hatt økonomiske konsekvensar hjå oss, seier brannsjefen i Hol.

Skogbranntropp i beredskap

– Er ikkje vaktberedskapen auka?

– Vaktberedskapen er generelt høgare om sommaren enn om vinteren, men me har ikkje sett ekstra folk på vakt. Men i tillegg til ordinær vaktberedskap, har me også ein skogbranntropp i beredskap. Den består av skogeigarar og skogentreprenørar, folk som er vane med å jobbe med motorsag. Dei kan rydde branngater, dei har sløkkeutstyr og opplæring i å drive skogbrannsløkking. Me har også Sivilforsvaret som ein tilleggsressurs når det er behov for langvarig innsats, seier han.

Sommaren 2014 brann det i skogen i Beia, ovanfor Nesbyen. Både lokale brannmannskap og mannskap frå andre stader kjempa mot flammane i over ei veke. I år har Hallingdal blitt spart for store operasjonar, trass den ekstreme skogbrannfaren.
Sommaren 2014 brann det i skogen i Beia, ovanfor Nesbyen. Både lokale brannmannskap og mannskap frå andre stader kjempa mot flammane i over ei veke. I år har Hallingdal blitt spart for store operasjonar, trass den ekstreme skogbrannfaren.
Sommaren 2014 brann det i skogen i Beia, ovanfor Nesbyen. Både lokale brannmannskap og mannskap frå andre stader kjempa mot flammane i over ei veke. I år har Hallingdal blitt spart for store operasjonar, trass den ekstreme skogbrannfaren.
Sommaren 2014 brann det i skogen i Beia, ovanfor Nesbyen. Både lokale brannmannskap og mannskap frå andre stader kjempa mot flammane i over ei veke. I år har Hallingdal blitt spart for store operasjonar, trass den ekstreme skogbrannfaren.
Brannsjef i Hol, Pål Bjerke.
Brannsjef i Hol, Pål Bjerke.

Hjelpe naboar i nød

Sommaren for fire år sidan var det ein omfattande skogbrann på Beiafjell i Nes. I vel ei veke kjempa mannskap frå heile Hallingdal mot brannen i det i bratte og ulendte terrenget. Under beiabrannen kom det også mannskap frå andre deler av Buskerud.

– Kan det vere aktuelt at Hallingdal sender mannskap for å hjelpe til i andre distrikt?

– Me har ikkje gitt frå oss mannskap førebels. Hjå oss er mange på ferie og me må vere sikre på å halde oppe eigen beredskap. Men blir det skogbrann ein stad i Buskerud tilsvarande brannen i Beiafjell, har me ei utfordring. Då er det potensial for at me må sende mannskap, seier Bjerke.

– Folk respekterer forbodet

– I år er skogbrannfaren minst like stor som for fire år sidan, men me har likevel hatt relativt få brannar i Hallingdal. Kvifor?

– Hovudgrunnen er nok at lynaktiviteten har vore lågare i Hallingdal enn mange andre stader. Men både i Nes og Flå har det vore ein del meldingar om røyk. Folk har vore flinke til å varsle. Brannane har vore oppdaga tidleg og har ikkje fått tid til å utvikle seg, seier Bjerke.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har også gjort mykje for å førebyggje gjennom å informere publikum. Me har sendt ut SMS til alle i Hallingdal i fleire rundar. Det er også hengt opp informasjon om totalforbod mot eld på bålplassar, rasteplassar og campingplassar. Det har vore nokre episodar, men stort dett har eg inntrykk av at folk respekterer forbodet. Det har vore lite røyk å sjå, seier han.

Éin episode langs toglina

– Kva med brannfaren langs jernbanen?

– Bergensbanen er ein risiko. Så langt har me hatt ei hending langs toglina i sommar. Det var ein skogbrann i Ustedalen nær Geilo i juni. Bane Nor har sett i verk nokre tiltak for å redusere risikoen, mellom anna redusert fart på enkelte strekningar. Dei har også eigen beredskap i tilfelle skogbrann langs toglina. Både på Voss og Ål står det tog klare, med vasstank og sløkkeutstyr, seier han.