Meir enn 50 gjester frå den polske regionen Kaszëbë, mange av dei oppkledd i folkedrakter, sette farge på gatebiletet på Sundre.

Desse matrettane fekk polske hallingar til sukke av heimlengt: – Dette er jo nesten som å vere heime igjen

Det som er eksotisk for somme, skaper heimlengt for andre. Ompa-orkester og aust-europeisk gastronomi sette både lyd, lukt og farge på haustmarknaden i Ål.

Haustdag på Sundre, eit arrangement som vanlegvis luktar smultringar, lammekjøt og elgpølse, som er «etnisk» på den kortreiste måten, med kål, poteter og gulrøter dyrka i Øvre Ål og Hol.

Men i år dundra dei samtidig til også med meir eksotiske innslag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Marit Torsrud Nerol (t.v.) og Ingunn Medgard Hallingstad driv økologisk grønsakproduksjon frå kvar sin gard i høvesvis Hol og Øvre Ål, men hadde utsal under same telt. – Me er ikkje konkurrentar, me samarbeider, seier dei.

Polske spesialitetar

Meir enn 50 gjester frå den polske regionen Kaszëbë, mange av dei oppkledd i folkedrakter, sette farge på gatebiletet. Austeuropeisk ompa-orkester og korsong på ei dialekt sjølv polakkar strevar med å forstå.

Og eit heilt bord med tradisjonell bondekost. Det var både søtt, salt og syrleg, mange smårettar å velje i, eit reint fråtseri i polske spesialitetar.

Eit heilt bord med smaksprøver av tradisjonell polsk bondekost. Pølser, sild og brødblingser med patear, eit reint fråtseri i polske spesialitetar.

Hemmeleg oppskrift

Hallingdølen måtte ha tolkehjelp for å finne ut kva som var på menyen. Og Anna Ewa Walczak, som også har tatt initiativet til å invitere alle gjestene frå Polen, stilte villig som simultanoversettar. Kokk Marzena Treder meiner lokalavisa burde teste ein smaksprøve med «smalec».

Lyden av Polen: Trompetist Roman Krause (f.v.), Kacper Wandtke på trekkspel og songar og symbalpiskar Bartlomiej Flisikowski skapte stemning i gata.
Les også
Brenn for polsk kultur: – Me er meir enn arbeidsinnvandrarar

– Det er eit pålegg som er laga av feitt frå grisen, som blir kverna og smelta på låg varme, sakte over elden. Når det blir kjølt ned, får det ein konsistens som smør, seier Treder.

– Oppskrifta får du ikkje vite. For den er hemmeleg, seier Marzena Treder (med solbriller). Her saman med Maria Szulist (f.v.), Anna Miaskowska og Barbara Wojton.

Ho fortel at retten gjerne står til lagring i lang tid, og blir servert på tjukke, heimebakte skiver av surdeigsbrød, helst med sylteagurk på toppen. Alle har si eiga hemmelege oppskrift, men det er alltid steikt lauk og merian.

– Resten får du ikkje vite. For det er hemmeleg, seier kokken.

EU har fleire forordningar som regulerer norsk pølseeksport til Europa. Det hindra ikkje harde bilaterale forhandlingar mellom Bartlomiej og Aleksandra Flisikowska og pølseseljar Ketil Andre Eriksen.

Kål og svinekjøt

Langtidslagra grisefeitt, ein bør kanskje vere forsiktig med å ete slikt? Det er litt skummelt, nesten som å bli bydd svensk surströmming, islandsk hákarl, eller rakfisk frå Valdres.

– Tør eg å smake på dette?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Smaken er fantastisk. Tru meg, det er verdt det, sjølv om det legg seg på hoftene, seier tolken, Anna Ewa Walczak.

– Men me har også sild, i mange ulike variantar, fortel kokken. – Og alle typar ostar, nokre med nøtter, andre med spisskummen, eller med merian og med soltørka tomatar. Og patear som har mykje smak, sterk smak, gjerne med mykje pepar. Me likar det sterkt. Du må dessutan smake på «bigos». Det er ei tradisjonell polsk gryte, med kål og svinekjøt. Alt er gjort klart, seier ho myndig, og dirigerer fotografen inn i køen framfor smaksprøvane.

Danuta Hirsz smiler til forbipasserande og vinkar dei bort for å smake. Under loket til den svarte gryta, er det framleis att litt «bigos», ei tradisjonell polsk gryte, med kål og svinekjøt.

Matmisjonær

Der står det folk som beint fram får tårer i augo av rettane på bordet. Agata og Pawel Staszak har budd på Geilo i snart åtte år. Og når det er polsk kulturfestival i nabobygda blir det ein sjanse til å kjenne på heimlengten. Mat og tradisjonar som smakar som Polen.

– Det veldig hyggeleg at dei kjem hit. Dette er jo nesten som å vere heime igjen, seier Pawel, mens han står og studerer alle rettane på bordet.

Pawel og Agata Staszak har budd åtte år i Hallingdal. Den polske kulturfestivalen trigga heimlengten. – Dette smakar som maten heime, seier dei.

Agata rekkjer smilande fram ei skål med bigos, slik at lokalavisa skal få kjenne på smaken og verkeleg ta inn kva dette handlar om. Bigos er ein rett som vekkjer minne og sterke kjensler, mat som kallar på heimlengten. Det er også ein rett ho sjølv likar å lage. Og Agata deler gjerne gleda over polske mattradisjonar.

– Du er reine misjonæren?!

– Me tek alltid med mat frå Polen når me besøker familien heime, og ofte deler me med naboane her, slik at også dei kan få smake litt på Polen. Når det er jul, lagar me mykje polsk mat. Det blir både norsk og polsk på bordet, men bigos er det beste, seier Agata.

– Me saknar familien og tradisjonane. Det er spesielt i jula me merkar det, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kulturutvekslinga i køen, med Pawel og Agata som deler polske matfavorittar, er heilt i tråd med ideane til initiativtakar Anna Ewa Walczak.

Ålingar som kjøpte seg kaffi og kaker på Kafé Tid, fekk polsk korsong på kjøpet.

Meir enn ei «vaskedame»

Det var dette ho håpte å oppnå då ho la fram ideen om ein polsk kulturfestival.

– Me som er innvandrarar, særleg arbeidsinnvandrarar, blir berre sett for det me driv med på jobb, som handverkarar eller reinhaldspersonale. Men eg vil ikkje berre vere ein «tilsett», seier Walczak.

– Eg ønskjer å vise historia mi, språket mitt og kulturen. Kaszëbë-regionen er litt som Hallingdal. Også der er det skiløyper, og det er ein rik kultur med bunader og tradisjonell mat og handverk. Folk i Kaszëbë er veldig lik hallingane på mange måtar, seier ho.

Bartlomiej Flisikowski la hjarta i songen og gav «alt». I bakgrunnen: Kacper Wandtke på trekkspel.