Vinn AS i Gol vann årets næringspris i Hallingdal 2022. Regionsdirektør i NHO Viken Oslo, Gjermund Løyning, delte ut prisen til Lisbet Skølt (t.h.), Sølvi Waag og Janne Vissebråten-Wisløff.

Desse seks bedriftene kan vinne Næringsprisen - kven meiner du fortener å vinne?

Ein jury har vald ut seks kandidatar som kan vinne årets næringspris i Hallingdal. No kan du stemme på din favoritt.

Næringsprisen blir delt ut under Hallingdalskonferansen kvart år. I år skjer det måndag 29. august.

I 2023 var det Tid kafe og landhandel som vann. Året før kåra juryen VINN Hallingdal AS til vinnar. Kven får prisen i år?

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
No kan du nominere din kandidat: Kven meiner du fortener å få Næringsprisen i år?

Viktig for lokalsamfunnet

I fjor valde arrangørane at ei publikumsavstemming på Hallingdølen sine nettsider skulle telje halvparten av vurderinga. Slik blir det også i år.

Etter at alle kunne nominere verdige kandidatar tidleg på sommaren, har arrangøren kome fram til ei liste med seks ulike kandidatar: Hallingdal Lyd, Hallingplast, Himmelspannet, Reine Element, Sparebank 1 Hallingdal Valdres og Sundbrei Transport.

Hallingdølen kjem i løpet av den kommande veka til å presentere alle kandidatane, ein etter ein.

Slik gjer du det:

Næringsprisen har vorte delt ut kvart år sidan 2014. Både små og store bedrifter har fått prisen, som utover heider og ære også betyr prispengar på 30 000 kroner.

I vindauget under kan du stemme på din favoritt til å vinne prisen. I fjor vart det gjort endringar for å unngå «kampanjeavstemming», og det er difor berre lov å stemme ein gong i løpet av heile perioden.

Dette er dei nominerte til Næringsprisen 2024:

Hallingdal Lyd AS (Ål)

Hallingplast AS (Ål/Hol)

Himmelspannet (Hemsedal)

Reine Element (Nesbyen)

Sparebank 1 Hallingdal Valdres (Ål)

Sundbrei Transport (Ål)

Kriterium for prisen

Ein av dei som sit i juryen er Elin Kaafjeld frå NHO Oslo og Viken. Ho fortel kvifor dei deler ut næringsprisen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– For lokalsamfunn er evna til å skape arbeidsplassar og verdiskaping enormt viktig. For å synleggjere og løfte lokale verksemder som gjer ein formidabel innsats, deler vi ut denne prisen.

Vinnaren av Næringsprisen blir vurdert etter følgjande kriterium:

* Lokalisert i Hallingdal

* Kan vise til vekst og lønsemd

* Viser evne til nyskaping

* Tar i bruk ny teknologi, løysningar eller forretningsmodellar som bidrar til den grøne omstillinga

* Bidrar positivt til samfunnet rundt seg

* Har et positivt omdømme i Hallingdal

Artikkelen held fram under annonsen.

Arrangørane for årets konferanse; f.v. Marianne Dusegard (Sparebank 1 Hallingdal Valdres), Tove Hoftun (Gjensidige Hallingdal), Christin Almestrand (Hallingdal Næringshage), Knut Arne Gurigard (Seniorkonsulent), Elin Kaafjeld (NHO Viken Oslo), Per Skøien (Skue Sparebank) og Jan Olav Helling (Regionrådet for Hallingdal)
Les også
Dei er vinnar av Næringsprisen: – Alle desse menneska er ressursar. Sats på dei
Dette er næringsprisen

* Blir delt ut på Hallingdalskonferansen i august kvart år.* Ein jury plukkar ut bedrifter frå Hallingdal som kandidatar, og du kan vera med å kåre vinnaren. Avstemminga startar i august, på Hallingdølens nettsider.* Dei nominerte kan vise til god utvikling, vekst og lønsemd, evne til nyskaping, og eit godt omdømme i Hallingdal.Desse har vunne tidlegare:2023 - Tid kafe og landhandel2022- Vinn AS2020 – Defa AS2019 – Høgevarde AS2018 – Hallingdal Hytteservice2017 – Geilo-Gruppen2016 – Hallingdal Sjukestugu2015 – Hallingdølen2014 – Hallingplast

Siste frist er 18. august.