annonse

Den sakna mannen på Nes er funnen

Leiteaksjon
Leiteaksjon: Lena Gunnarsson frå Norske Redningshunder er ute og leitar. Bak går Steinar Bleken, Hemsedal RK. (Foto: Arne Ole Lindahl.)
Røde Kors
Røde Kors: Røde Kors sin sentral i morgontimane fredag. Dei hadde 12 personar med i søket i løpet av natta. Her sit Linn Frøydis Finnerud, Terje Hanserud, Nils Gudbrandsplass, Odd Inge Blakkestad og innsatsleiar Arne Koppergård. (Foto: Privat)
Leiteaksjon
Leiteaksjon: Røde Kors har mykje folk i sving under leiteaksjonen. Frå venstre Steinar Bleken, Hemsedal RK, Oddvar Lie, Nesbyen RK, Arne Inge Øyum, Gol RK. (Foto: Arne Ole Lindahl)

Røde Kors har funne Arne Bentehaugen (69) i live.

Lillian Holden

- Han vart funnen i terrenget. Han hadde litt vondt her og der, etter å ha vandra ute så lenge, men han blir teke godt vare på av ambulansepersonell, seier operasjonsleiar i politiet, André Kråkenes. 

Mannen vart funne ved totida fredag ettermiddag. Då hadde han vore sakna sidan torsdag kveld. 

Både politi, Røde Kors og Norske Redningshundar har delteke i søket etter den sakna, og det var til slutt personar frå Røde Kors som fann han. Det skjedde i terrenget, like aust for sentrum av Nesbyen. 

- Kva som har skjedd gjennom natta er vanskeleg å seie noko om, men me kan jo anta at han har vandra lenge rundt og til slutt lagt seg ned, seier Kråkenes. 

Mykje mannskap

Bentehaugen vart meldt sakna torsdag kveld, og leitinga vart sett i gang rundt midnatt. Røde Kors kalla ut sine mannskap, og 12 personar derifrå var med på leitinga gjennom natta. Så snart det vart lyst, vart eit ambulansehelikopter kopla inn i søket. Det var kalla ut endå fleire frivillige, og meir politi. 

- Me starta eigentleg søket på nytt frå morgonen av. Då var det 23 personar frå Røde Kors på veg inn, og tre frå Norske Redningshundar. Seks personar frå politiet, og ein politihund. Etterkvart kom det også to frå brann, som begynte søk med båt i Hallingdalselva, fortel Kråkenes. 

Gjennombrotet

Då politiet meldte om ein sakna person torsdag kveld, meinte dei også at eit vitne hadde sett mannen ved halv ti-tida. Då Hallingdølen var i kontakt med dei tidleg fredag morgon, kunne dei ikkje bekrefte at det var snakk om ein sikker observasjon. Men ein driftig innsatsleiar frå politiet tok tidleg tak, og innkalla vitnet til avhøyr. 

- Det viste seg å bli ein suksessfaktor, fortel Kråkenes. 

Innsatsleiar Hans Mattis Hamborg og gruppa hans fekk snart på det reine at det var den sakna mannen som var sett torsdag kveld, oppe ved museet på Nes. Dei fekk i tillegg bekrefta observasjonen via eit overvåkningskamera på Rema 1000. 

- Då dette var fastlagt, vart det delt ut søksteiger til dei frivillige, seier Kråkenes. 

Ikkje lenge etter vart altså mannen funne. 

- Me hadde eit dårleg utfall på ein leiteaksjon i Sandefjord i går. Då er det ekstra godt med solskinshistorier som denne. Innsatsleiaren på denne saka skal ha mykje ros, han organiserte dette på ein glimrande måte, avsluttar Kråkenes. 

annonse