Politi og frivillige leiter etter den sakna kvinna på Holsåsen.
Politi og frivillige leiter etter den sakna kvinna på Holsåsen.

Den sakna kvinna funnen i live

Kvinna som var sakna på Holsåsen vart funnen i live 600 meter frå veg.

Ei kvinne i 60-åra vart meldt sakna frå ei hytte i Grønefløtvegen på Holsåsen like før midnatt onsdag.

Gjekk seg vill

Kring kl. 14.30 vart kvinna funnen i live av Røde Kors-mannskap. Kvinna var trøytt, sliten og kald etter mange timar ute, men elles i fin form då ho vart funnen.  Ho skal ha gått seg vill då ho gjekk ut ein tur ut av hytta onsdag kveld. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Staden der kvinna vart funnen ligg kring 800 meter i luftline frå hytta. Ho vart funnen ute i terrenget, 600 meter frå veg.

Hallingdølen har vore i kontakt med familiemedlemmer som melde ho sakna. Dei er letta over at ho vart funnen i live.

- Me er veldig glade for at ho er funne. Og takksam overfor leitemannskapa som mobiliserte raskt, det er imponerande i ei lita bygd, seier dei.

Rykte ut 

Torsdag føremiddag vart det sett i gang leiteaksjon.

Politi og frivillege frå Røde Kors, Norsk Folkehjelp og hundepatruljer var ute og leita etter kvinna. Det vart leita i terrenget, langs stigar og bilvegar i området rundt hytta. Det var overskya og mykje tåke i området, og det er vått i terrenget etter nedbør det siste døgnet.

Eit redningshelikopter var også på veg for å delta i leitinga, men måtte snu grunna vêrforholda.

Kvinna skal ha vore på ei hytte i lag med familie. Ho vart meldt sakna då ho ikkje kom tilbake etter ein tur utanfor hytta like før midnatt.