Dette var eit av dei flotte bileta Hallingdølen fekk frå 17. mai-feiringa i 2020.

Del dine 17. mai-bilete med Hallingdølen!

Me vil gjerne sjå korleis du feirar nasjonaldagen i år.

Nok ein gong blir det ein 17. mai utanom det vanlege. Arrangement er avlyst, det blir ikkje barnetog og me kan berre vere sosiale med nokre få.

Men nasjonaldag blir det uansett, og kanskje vil du dele eit bilete med oss som syner korleis du og dine feirar?

Artikkelen held fram under annonsen.

Om du har fått på deg bunaden eller sit heime i i joggebukse framfor tv-skjermen - me vil gjerne sjå korleis dagen din er.

Å sende inn bilete til oss er enkelt - trykk på denne lenka og last opp ditt beste minne frå 17. mai 2021.

Skriv gjerne ein liten tekst til biletet. Nokre av lesaranes foto vil bli brukt på Hallingdølens nettsider og i tysdagens papirutgåve.

Me gler oss til å sjå korleis du markerer dagen!

Les også
– Me er veldig fornøgde med å få designen hans hit