Tomme butikkhyller på Kiwi Ulsåk torsdag.

«Det var éin ting me ikkje skulle gjere: Å hamstre. Kva gjorde me? Me hamstra».

Dei siste dagane har det florert av flotte ord og vendingar i sosiale medium. «Me må ha ein sosial dugnad». «Me må stå saman». «Tenke på kvarandre». «Ta vare». Følgt av hjartesymbol på rekke og rad. Men i går kom den første store testen på kor djupt denne solidariteten eigentleg stikk. Det stod til stryk.

Torsdag formiddag gjekk daglegvarebransjen ut og roa folk med at det er meir enn nok mat og varer til alle. Det er ingen grunn til panikk. Klokka 14.00 gjekk statsminister Erna Solberg på talarstolen og sa akkurat det same: Slapp av, det er ingen grunn til å hamstre.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var altså éin ting me ikkje skulle gjere: Å hamstre. Kva gjorde me? Me hamstra.

Berre nokre timar etter at statsministeren hadde sagt sitt på pressekonferansen, var kaoset laus i butikkane. Ikkje minst i byane. Mange stader var det heilt elleville tilstandar. Men også her i dalen vart det etter kvart tomme hyller og lange kassakøar. Det vart meldt om kundar med handlevogner til mange, mange tusen, og reine påskehandelen mange stader. Om du var blant dei som jakta på brød eller dopapir torsdag kveld, var det sannsynlegvis fåfengt.

Det har ikkje blitt gjort dei siste dagane. Og det er rein idioti.

Samtidig gjekk det ut ei klar oppfordring frå kommunane våre, både i media og via sms. Kommunane bad hyttefolk om å halde seg på heimplassen sin, og ikkje kome oppover. I Hemsedal bad dei folk som allereie var i bygda, om å reise heim. Ordførar Pål Rørby var klar: Me har ikkje kapasitet til å handtere fleire enn våre eigne innbyggarar. Den same meldinga gjekk ut frå alle dei store hyttekommunane i landet: «Ikkje kom hit». Men folk kom likevel.

Kapasiteten i helsevesenet i små kommunar er sjølvsagt eit problem. Faren for spreiing av smitte er eit anna. Den nasjonale oppmodinga var at folk helst skulle halde seg heime, ikkje reise nokon plass utan at det var strengt nødvendig. Men oppover Rv7 torsdag kveld kom det lange rekker med bilar. Folketalet i Hallingdal auka med mange tusen berre i løpet av torsdag.

Å heve seg over dei råda som kjem både frå nasjonalt og lokalt hald, er ikkje berre dumt: Det er direkte uansvarleg. Me kan ikkje berre skrive fine ting om solidaritet og nasjonal dugnad på Facebook, me må etterleve det også. Det har ikkje blitt gjort dei siste dagane. Og det er rein idioti.