Torill Rennehvammen, innehavar av Uvdal Fjellhandel, og Ester Johannessen, butikktilsett, tykkje det er guffent at ting ikkje får stå i fred.
Torill Rennehvammen, innehavar av Uvdal Fjellhandel, og Ester Johannessen, butikktilsett, tykkje det er guffent at ting ikkje får stå i fred.

Butikkinnbrot i Uvdal

Måndag kveld braut nokon seg inn i Uvdal Fjellhandel, og fekk med seg kring 50 snusboksar.

Klokka halv ti måndag kveld gjekk alarmen i Uvdal Fjellhandel. Eigarane av butikken, Torill og Halvor Rennehvammen, sette seg umiddelbart i bilen og var på plass i butikken kring fem minutt seinare. Då var det ingen å sjå ved butikken.

Knuste rute

I Uvdal Fjellhandel hadde uvedkomande knut glasruta ved sida av hovudinngangen, slik at det berre var å spasere inn. Inne i butikken var all snusen borte, kring 50 boksar, og ei Hennig Olsen-søppelkasse som truleg vart brukt til å bere fangsten i, fortel Torill Rennehvammen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Guffent

Hallingdølen møtte både Rennehvammen og Ester Johannessen, som jobbar i butikken, tysdag morgon.

– Dette er ikkje noko kjekt. Ein blir sint, redd og oppgitt, seier Johannessen.

Mannen hennar var på plass seint måndag kveld for å dekke til det knuste vindauget.

Nokon braut seg inn i Uvdal Fjellhandel og fekk med seg kring 50 snusboksar.
Nokon braut seg inn i Uvdal Fjellhandel og fekk med seg kring 50 snusboksar.
Innbrotet skjedde gjennom glaset ved sida av inngangen på Uvdal Fjellhandel.
Innbrotet skjedde gjennom glaset ved sida av inngangen på Uvdal Fjellhandel.

Saka er meld til politiet, som også var på staden for å gjere åstadsundersøkingar tysdag.

Politibetjent ved Nore og Uvdal lensmannskontor, Håkon Eidval, har ikkje nokon formeining om kor mange som har vore på tokt, men etterforskar om det er ein mogleg samanheng med to personar som var innom butikken tidlegare på dagen.

To innbrot i år

I april i år, hadde også Uvdal Fjellhandel innbrot. Då forsvann heile tobakkskåpet gjennom den store glasruta framme på butikken.

Rennehvammen, som har drive Fjellhandelen på Bjerkeflåta i Uvdal i 20 år har elles berre opplevd eit innbrot det første året ho dreiv butikken. – No ser det ut som om ting ikkje får stå i fred. Dette er ikkje moro og gir oss mykje arbeid, fortel ho.

Dei kring 50 stolne snusboksane denne gongen er eit reint tap for butikken.