Justisdepartementet og justisminister Per Willy Amundsen (Frp) inviterte berre NRK til besøket på Golsfjellet.
Justisdepartementet og justisminister Per Willy Amundsen (Frp) inviterte berre NRK til besøket på Golsfjellet.

– Brot med prinsippet

Justisdepartementet inviterte berre NRK til justisministerens påskebesøk på Røde Kors-sentralen på Golsfjellet. – Veldig spesielt, meiner generalsekretæren i Norsk Redaktørforening, Arne Jensen.

– Dette bryt med prinsippet om likebehandling offentlege myndigheiter skal styre etter, seier Jensen.

På påskeferie på hytta i Gulsvik i Flå reagerte han då han las oppslaget i Hallingdølen laurdag om at berre NRK var invitert til justisminister Per Willy Amundsens (Frp) besøk fredag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eksklusivt

Fredag føremiddag fekk Hallingdølen opplyst av kommunikasjonsavdelinga i Norges Røde Kors at Justisdepartementet ønskte at arrangementet skulle vere eksklusivt for NRK.

Dette bryt med statens eigen kommunikasjonspolitikk. Her heiter det at det bør vere ein hovudregel at informasjon skal gjerast tilgjengeleg for alle på same tid. Rett nok kan statlege verksemder vende seg til ulike medium først dersom det gjer at flest mogleg i målgruppa får informasjonen. Men at ein statsråd besøker Røde Kors på Golsfjellet i påska, er ikkje ei stor nyheit. Det er snarare ein årelang tradisjon.

– Eg meiner det er meiningslaust av departementet å stenge ute ei lokalavis på eit slikt arrangement. Eg skjønar ikkje kva dei fryktar skal skje viss også andre medium skulle dekke saka, seier Jensen.

Han seier det ikkje er første gong slikt skjer.

– Men ofte skjer det fordi arrangørar ønskjer brei dekning éin stad. Då gir ein det til eitt medium for å skjerpe interessa der. Privataktørar står jo fritt til å gjere dette, men når statlege og offentlege instansar gjer dette, bryt det med grunnleggande prinsipp om likebehandling.

Jensen peikar også på at ein type forfordeling av nasjonale framfor lokal medium kan vere med på å undergrave lokalvisenes rolle.

Ulike vurderingar

I eit svar frå Justisdepartementet skriv kommunikasjonsrådgjevar Andreas Bondevik i ein e-post til Hallingdølen at departementet gjer ulike vurderingar frå gong til gong når det gjeld invitasjonar til pressa når statsråden er på reise.

– Ofte blir alle medium invitert, nokre gonger nokre få og nokre gonger eitt. Nokre gonger blir berre lokalmedium invitert, skriv Bondevik.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vidare skriv Bondevik at departementet, uansett kven som er invitert, ikkje held informasjon skjult for dei som har spørsmål kring arrangementet på førehand. NRK var heller ikkje klar over at dei var einaste medium som var invitert.

– Kanskje burde me vurdert dette tilfellet annleis, og kome til at eksklusivitet ikkje var nødvendig, skriv Bondevik.