Det brenn hjå pelletsfabrikken i Kleivi.
Det brenn hjå pelletsfabrikken i Kleivi.

Brann på pelletsfabrikken: - Mykje som kan skje

Brannvesenet har jobba intenst i Kleivi Næringspark torsdag. Brannen på pelletsfabrikken er under kontroll, men fem-seks personar blir sjekka for røyskader.

- Me begynner å få eit bilde av kor det brenn. Me ser at ting har spreidd seg, men me har nokolunde kontroll, seier innsatsleiar for brann, Pål Bjerke. 

Han fortel vidare at dei enno ikkje veit kor brannen starta. Dei fekk melding om hendinga rundt klokka 12, og brannmannskap frå fire stasjonar rykka ut. Til saman 50-60 mann. 

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det har fungert greitt, eg ser at det er bra å få ut mykje ressursar når det er ei slik hending. Her er det mykje som kan skje, seier Bjerke. 

Brannen er i sjølve fabrikkbygget til Hallingdal Trepellets. Det har ikkje vore fare for spreiing til andre bygg, men brannen kan spreie seg via luftkanalane i fabrikkbygget.

Politi og brannvesen melder at dei har skaffa seg kontroll på alle tilsette, men fem-seks personar må sjekkast for potensielle røykskader. 

Straumen vart tidleg tatt på bygget, som ei forsikring. Brannvesenet har henta vatn frå elva for å drive sløkking. 

Det er berre nokre dagar sidan brannvesenet sist var i Kleivi. Då var det brann hjå Hallingdal Renovasjon, i hushaldningsavfall. Den brannen enda udramatisk, og vart fort sløkt.