Brann i Uvdal – vekt av røykvarslar

Det danske paret vakna av røykvarslaren. Det vart redninga då det begynte å brenne i ei hytte i Uvdal.

Politi og brannvesen fekk melding om brannen i femtida onsdag morgon. Då hadde det danske paret blitt vekt av ulande røykvarslar. Det brann i yttervegg og himling.

– Etter å ha varsla om hendinga prøvde paret å sløkke brannen med pulverapparat og vatn. Men det var ikkje enkelt, opplyser brannsjef i Nore og Uvdal, Kai Redalen til Hallingdølen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Søppelbøtte

Brannmannskap frå Rødberg rykte ut. Ca. 25 minutt etterpå var dei ved hytta som ligg i Nørstebølia.

– Brannen hadde starta utvendig. Det brann opp etter eine veggen og i himlinga. Me fekk kappa ned gesimsen og starta sløkkearbeidet. Etter eit par timar var brannen under kontroll, fortel Kai Redalen.

Det stod ei søppelbøtte rett ved inngangsdøra. Alt tyder på at det var der brannen starta.

– Det hadde ikkje brunne inne i hytta. Den eine endeveggen og litt av taket er skadd, fortel Redalen.

Til legevakt

Det danske paret, som eig hytta og var på vinterferie, kan prise seg lykkeleg for at røykvarslaren fungerte. Den kan ha berga liv. Mannen fekk likevel noko brannskade etter å ha teke i den gloheite dørklinka. Han vart teke hand om av ambulansemannskap og sendt til legevakt på Rødberg.