Ein eller fleire eingongsgriller gjorde at søpla tok fyr.
Ein eller fleire eingongsgriller gjorde at søpla tok fyr.

Brann i søppelbil - eingongsgrill var truleg årsaka

Brannvesen og politi rykte ut til Trondrudmarka måndag føremiddag.

Det var klokka 10.15 måndag at politiet melde om at det hadde begynt å brenne i lasta til ein søppelbil, i Trondrudmarka i Nes.

Brannvesenet fekk raskt sløkt brannen. Ingen personar vart skadd.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hallingdal Renovasjon opplyser at ein eller fleire eingongsgrillar som var kasta i søpla truleg var årsaka til brannen. Ifølgje renovasjonsselskapet er det slett ikkje fyrste gongen varm oske i søpla fører til brann.