Brann i bustadhus - ingen personar skadd
Måndag kveld brann eit bustadhus på Robru i Gol.
Politiet og brannvesenet fekk melding om brannen klokka 19.18 måndag. Dei rykte ut med fullt mannskap.
Då dei kom fram, brann det kraftig i huset.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ingen skadde
Ingen personar kom til skade i brannen. Folk Hallingdølen har snakka fortel at det ikkje var nokon personar inne i huset då det begynte å brenne.
Utover kvelden brann det kraftig i huset, og slokkingsarbeidet pågjekk for fullt. Det var full overtenning, opplyste operasjonssentralen i i sør-øst politidistrikt måndag kveld.
Ved Fv244
Bustadhuset ligg ved Fylkesveg 244 tett ved avkøyringa frå Rv52 på Robru.
Huset står for seg sjølv i eit skogsområde. Brannmannskapa let huset brenne kontrollert ned, samtidig som ein sikra at brannen ikkje skulle spreie seg.