Ein person omkom i samanstøyten mellom varebilen og semitraileren.
Ein person omkom i samanstøyten mellom varebilen og semitraileren. Foto: Torbjørn Gunhildgard

Bilførar omkom i kollisjon

Ein person omkom i ein kraftig kollisjon på Rv7 i Gol måndag ettermiddag.

Ein varebil og ein semitrailer var involvert i ei trafikkulykke på Rv7 i Gol måndag ettermiddag. Føraren av varebilen omkom på staden, mens føraren av semitraileren er sendt til sjukehus. Det var ikkje andre personar i køyretøya.

Kollisjonen skjedde på Rv7 vest for Slaatto Sag i Gol. Varebilen var på veg nedover dalen då han frontkolliderte med semitraileren.

Innsatsleiar Odd Halvard Seterdal kunne måndag ettermiddag ikkje seie meir om årsaka til ulykka, som skjedde rundt klokka 12.45.

Rv7 vart stengt etter kollisjonen, og opna ikkje før tysdag føremiddag.