Ein person omkom.
Ein person omkom.

Bil og skulebuss frontkolliderte - ein person omkom

Ein mann i 80-åra frå Dagali omkom då ein personbil og ein skulebuss frontkolliderte på Fv40 ved Kikut.

Det var tre barn og sjåfør i skulebussen og ein person i bilen. Det er føraren av personbilen som er omkomen. Det stadfestar Jan Koldal i politiet i Sør-Aust. Mannen, som var i 80-åra og frå Dagali, var åleine i bilen. Pårørande er varsla.

Dei tre ungdomsskuleelevane og sjåføren i bussen skal ikkje vere skadd, men vart sendt til legevakt for sjekk. 

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me har ikkje avhøyrd bussjåføren enno, men har eit greitt bilete av kva som har skjedd, på grunn av informasjon frå augevitne, fortel Koldal.

Møteulykka skjedde då bilen kom over i feil kjørefelt og kolliderte med bussen. Bilen var på veg til Geilo, medan skulebussen køyrde i retning Skurdalen.

Politiet melde om ulykka i 15-tida. Fv40 var lenge sperra og ulykkesgruppa frå Statens vegvesen var på veg til staden.

Vegen vart sperra etter ulykka.
Vegen vart sperra etter ulykka.
Fv40 ved Kikut på Geilo.
Fv40 ved Kikut på Geilo.
Ein person omkom.
Ein person omkom.

Hallingdølens journalist på staden melde klokka 15.50 at det begynte å bli lange køar. Han fortalde også at det var glatt og vanskelege kjøreforhold. Det hadde snødd i dag, men vêret hadde letta utpå ettermiddagen.

Klokka 16 var personbilen frakta vekk frå ulykkesstaden, til ein busshaldeplass rundt 150 meter bortanfor. Skulebussen låg framleis i grøfta, men trafikken vart sleppt forbi frå rundt klokka 16.10.