Foto: Privat

Bil mot høgspentmast

Ein bil køyrde inn i ei høgspentmast i Hol fredag ettermiddag.

Politiet melde klokka 16.17 om bilulykke mellom to bilar i Hol. Nødetatane var på veg.

Litt seinare oppdaterer politiet saka med at eine bilen skal ha køyrd inn i ei høgspentmast. E-verket er på staden.

Det er ikkje meldt om alvorlege personskader, men ein person er frakta til legevakt for vidare undersøking.

Fv50 var stengt ein periode på grunn av utfordringar med høgspentmasta. .