Hallingdølen er årets lokalavis i Europa. Prisutdelinga skjedde i Wien måndag kveld. Frå venstre Norbert Küpper (European Newspaper Award), vaktsjef i Hallingdølen Olav Johannes Bøthun, redaktør Lillian Holden, direktør Ola Stave og Johann Oberauer (European Newspaper Award).

Best i Europa: – Me deler prisen med lesarane våre

Det var kjent frå før; at Hallingdølen er kåra til den beste lokalavisa i Europa. No er også det fysiske beviset på plass.

Ein delegasjon frå Hallingdølen reiste denne veka til Wien i Østerrike for å ta imot prisen som årets lokalavis i Europa. Det er andre gong Hallingdølen får denne utmerkinga, sist var i 2013.

Kåringa skjer i regi av European Newspaper Awards, og over 160 aviser i meir enn 20 land deltek i den årlege konkurransen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Å lage avis er lagarbeid, dette er ei stor anerkjenning til kvar og ein som jobbar i Hallingdølen, og til lesarane våre, som hjelper oss å lage ei god avis. Me deler prisen med abonnentane, og håpar dei er like stolte som oss, seier redaktør Lillian Holden.

Modell for andre

Juryen har mykje fint å seie om lokalavisa i Hallingdal. Ei klassisk lokalavis, typisk for Skandinavia, der folk og innbyggjarar blir sett i sentrum. Juryen framhevar også meiningsstoffet og dei mange debattsidene. God biletbruk og ein design som gir rom for å presentere innhaldet på ein god måte, gjerne over mange sider.

– Hallingdølen sitt konsept og design er ein svært god modell for lokalaviser i heile Europa, slår juryen fast.

Les også
William (36) vart abonnent nummer 10.216 - historisk rekord for Hallingdølen

– Det var ein flott kveld, med høgtideleg prisutdeling og festmiddag. Det er moro å sjå at blant europeiske storaviser er interessa stor for vesle Hallingdølen frå Norge, fortel redaktøren. Ho fekk mange henvendelsar frå store mediehus som ville høyre meir om korleis Hallingdølen jobbar og korleis me får mykje ut av få ressursar. Og ikkje minst korleis avisa tenkjer rundt design og foto.

Ansvarleg redaktør Lillian Holden fekk i 20 minutt halde foredrag i Wien for å fortelje om strategien til Hallingdølen.

Fire hovudvinnarar

Redaktøren heldt i 20 minutt langt foredrag om Hallingdølen.

– Eg snakka blant anna om at Hallingdølen har folk i fokus, at me har engasjerte lesarar, alltid godt med lesarbrev og at lesarane våre er med på å gjere avisa vår såpass god at me no kan kalle oss europameistrar i lokalavis.

Holden synte fram eksempel på sider og aviser frå dei siste åra, noko som skapte mykje engasjement i salen:

– Det er heilt tydeleg at aviser i Norge og Skandinavia er langt framme på design og foto, og det er europearane imponert over.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hallingdølen er altså årets lokalavis i Europa. Dei andre tre hovudprisane går til Ara frå Spania (regionavis), De Tijd frå Belgia (riksavis) og Expresso frå Portugal (vekeavis).

Les også
Bassen fekk korona, stjernesopranen sår hals - sommaropera blir det likvel
Les også
– Ein festdag for Flå og Hallingdal
Les også
Svidd gummi og prikkete kjolar