Det er prøver frå dette høgdebassenget i Gulsvik som har påvist bakteriar. Flå kommune vil følgje opp med fleire prøver tysdag.
Det er prøver frå dette høgdebassenget i Gulsvik som har påvist bakteriar. Flå kommune vil følgje opp med fleire prøver tysdag.

Bakteriefunn i drikkevatn i Gulsvik

Abonnentane som får vatn frå høgdebasseng i Gulsvik blir bedne om å koke drikkevatnet på grunn av bakteriefunn.

Det er Flå kommune som informerer om dette, direkte til abonnentane via SMS og på kommunen si heimeside.

- Det var ved rutinemessig kontroll sist onsdag det vart påvist bakterie i ein prøve frå Gulsvik høgdebasseng. Ny prøve fredag, som me fekk svar på måndag, synte også bakterieinnhald. Derfor tek me ingen sjansar og ber abonnentane koke drikkevatnet, fortel teknisk sjef i Flå kommune, Kjell Erik Østdahl.

Artikkelen held fram under annonsen.

Klorar

Han legg til at dei har ein teori om at det kan vera feil med prøvene. Men inntil vidare ber kommunen dei 30-35 husstandane som får vatn frå høgdebassenget om å koke drikkevatnet.

- Me klorar også vatnet litt, for å slå tilbake eventuell bakterie. Det er ikkje snakk om store mengder klor, men abonnentane vil kanskje kjenne litt klorlukt, opplyser Østdahl.

Også fine prøver

Ein av grunnane til at Flå kommune stiller spørsmål ved prøvene er at fleire av dei er fine. Prøver tekne hjå abonnentane er ok, medan dei som er tekne i høgdebassenget syner bakterieverdiar.

Abonnentane til Gulsvik høgdebasseng blir bedne om å koke drikkevatnet.
Abonnentane til Gulsvik høgdebasseng blir bedne om å koke drikkevatnet.

- Kva type bakterie er det snakk om?

- Det er ikkje ecolie-bakterie. Men vatnet har høgt kimtal, seier Kjell Erik Østdahl.

Nye prøver

Flå kommune vil følgje opp med nye prøver i løpet av kort tid. Det er bestilt nye glass for prøvetaking for å sikre at det ikkje er feil ved utstyret. Sannsynlegvis blir det teke nye prøver tysdag eller onsdag.

- Prøvene skal dyrkast, så det vil ta litt tid før me får svar. Eg trur det fort går over helga før me får tilbakemelding på dei nye prøvene. Anten fredag eller over helga, seier teknisk sjef Kjell Erik Østdahl.

Inntil vidare blir vatnet klora og abonnentane bedne om å koke drikkevatnet.