Mange tusen påskegjester skal heim frå påskeferie sundag. Trafikken aukar jamt forbi Nesbyen.
Mange tusen påskegjester skal heim frå påskeferie sundag. Trafikken aukar jamt forbi Nesbyen.

Aukande trafikk på Rv7

Heimfarten etter påskeferien er i gang.

Første påskedag er ein av årets største utfartsdagar.

Påska har i år på det meste samla over 100.000 personar i Hallingdal. No skal dei heim att. Klokka 12 sundag føremiddag var det ingen teikn til stor trafikk på Rv7 forbi Nesbyen. Men klokka 13.30 har trafikken auka kraftig. Ved utkøyringa på Rv7 er det tradisjonen tru tidvis saktegåande kø. Verken politiet eller Statens vegvesen melder førebels om problem i trafikken.