Iskvaliteten på Strandavatnet varierer. På utsette plassar er isen fire centimeter.
Iskvaliteten på Strandavatnet varierer. På utsette plassar er isen fire centimeter.

Åtvarar mot å krysse Strandavatnet

Isen på delar det regulerte Strandavatnet i Hol er farleg tynn.

Før helga vart det målt ned i berre fire centimeter enkelte stader.

– Me har aldri sett det slik som i år. Det er skummelt, for folk er vane med at dei kan gå over der, seier damvaktar i E-CO Energi, John Magnar Nestegard.

Artikkelen held fram under annonsen.

Meir snø

Før helga åtvara E-CO mot utrygg is på regulerte fjellvatn.

Som Hallingdølen skreiv laurdag bad kraftprodusenten publikum å vere ekstra påpasselege med å følgje merkte skiløyper og skilting for kryssing av vatn. Den klare oppmodinga til skiløparar er:

– Viss du ser eit åtvaringsskilt – ikkje kryss skiltlinja. Dei er vendt mot den sikre sida. Respekter skilta og følg merkte løyper.

Onsdag er det meldt meir snø i fjellet. Det kan gjere forholda endå farlegare.

– Det fører til at ein ikkje ser råkene. Truleg blir isen dårlegare med meir snø. Det kan bli overvatn, og det er ikkje gunstig no. Eg trur ikkje isen blir god i år, seier Nestegard.

Normalt er det stikka løyper over Strandavatnet, men i år skjer nok ikkje det, trur Nestegard.

– Det kan vere store råker der det før har vore stikka løype.

Kraftig vind

Også Ustevatn på Ustaoset har fleire stader dårlegare is enn normalt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nestegard seier årsaka er at kraftig vind i slutten av januar førte til at isen bles opp.

– Halve Strandavatnet bles opp. Isen som la seg etterpå er så tunn og det er større råker enn vanleg, seier Nestegard.

Kollegaen hans i E-CO, Geir Atle Tafjord, målte isen på Strandavatnet før helga. Der den nye isen la seg i januar, er det i snitt 12–17 centimeter.

– Frå Storestølen og over er 10–12 centimeter i snitt. Det var fire centimeter rundt nokre nes der me veit det er dårleg, seier Tafjord.

Varierande

Men det er store variasjonar ute på vatna.

Derfor har E-CO til saman gjerda inn kring tre mil med kanalar der det er dårleg og utrygg is.

– På Ørteren er det mykje kiting. Her vart det gjerda ved inntaket tidleg. Der er det bra is, seier Nestegard.

Elles er Varaldsetvatnet nesten heilt inngjerda. På dei to Rødungen-vatna (eine ved Sangefjell) er isen god. Men E-CO opplyser om at folk må vere varsame fordi iskvaliteten kan variere. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har også ei kartteneste oppdateringar om iskvalitet på iskart.no