Geilo legesenter er blant dei som har hatt høgast trafikk så langt i koronasituasjonen.

Åtte nye tilfelle av koronasmitte i Hallingdal torsdag

Det er ikkje noko å lure på; koronaviruset breier om seg. Berre i løpet av torsdag er det meldt om totalt åtte nye positive prøver i Hallingdal.

Torsdag ettermiddag melde kommuneoverlegen i Gol, Jagannivasan Thurainayagam, om tre nye tilfelle. Gol hadde frå før tre koronasmitta, og er no oppe i seks totalt.

Vil du lese fleire nyheiter om koronaviruset? Sjå vår samleside her

Artikkelen held fram under annonsen.

Thurainayagam fortel at dei kjenner smittekjelda for alle tre, og at alle tre er stabile. Smitteverntiltak er alt sett i verk, og dei tre sit alle i heimeisolasjon.

Dei tre nye positive prøvene i Gol er tre av i alt åtte som har blitt kjent i løpet av torsdag.

Aukar stadig

På morgonen kunne først Nesbyen melde om to nye tilfelle. Ifølge kommuneoverlege Nils Høva var desse to alt i karantene då dei testa positivt, på grunn av at dei hadde vore i nærkontakt med ein bekrefta koronasjuk person.

Les også
Inger er ei av mange som no er permittert: – Eg går rundt med ei stor uro

Noko seinare på dagen melde Hemsedal at talet har auka også der. Frå før var fire bekrefta smitta i Hemsedal, no er talet altså oppe i seks.

— Alt er under kontroll, seier kommuneoverlege Camilla Underland.

Hardt råka

I tillegg til desse, har også Hol meldt om eitt nytt tilfelle av koronasmitte i dag. Kommunen er svært hardt råka, faktisk blant dei som har fått kjenne koronaviruset hardast i heile Norge.

Til no er 36 personar smitta i Hol. Tre er innlagt på sjukehus; To på Ringerike, og ein på Hallingdal sjukestugu.

Les også
Hol tapar fleire hundre millionar: — Katastrofetal for reiselivet og lokalsamfunnet
Les også
— Det er ei rar tid. Så det at folk kan ha nokon å snakke med, er veldig viktig