Dette biletet, av lege Jørn Ingve Tømmerstrand og sjukepleiar Marianne Fluto, vart tatt i fjor medan dei testa potensielle koronasmitta i Ål. No er det nok ein gong hektisk test-aktivitet i kommunen.

Åtte nye smittetilfelle - fleire vaksinerte har blitt smitta

Ål har fått 32 koronasmitta på berre to veker. Blant dei som no er smitta, har fleire fått ein eller to vaksinedosar.

– Me begynner å sjå ein del smitte hjå vaksinerte, fortel kommuneoverlege Toril Bøyum til Hallingdølen onsdag.

– Me følgjer nasjonale retningsliner, og set ikkje vaksinerte i karantene. Men dei blir testa, og bedne om å vere forsiktige. Noko dei heldigvis har vore, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nye reglar

Dei nasjonale retningslinene seier at om du er vaksinert så treng du ikkje gå i karantene, sjølv om du er nærkontakt til ein som er smitta. Tidlegare måtte alle nærkontaktar i ordinær karantene, men etter kvart som ein større og større del av befolkninga er vaksinert, har dette blitt lempa på.

Om du har fått éin dose for minst tre veker sidan, kan du også sleppe karantene. Men då må du teste deg på nytt mellom dag tre og dag sju etter at du har vore i nærkontakt med den smitta.

Les også
24 smitta på 10 dagar: - Mange ukjende smittevegar

Over heile landet aukar talet på vaksinerte som blir smitta av koronaviruset. Ifølgje Folkehelseinstituttet (FHI) ventar dei at dette talet vil halde fram å auke, i takt med at talet på vaksinerte aukar. I løpet av dei fire siste vekene har 167 personar i Norge blitt lagt inn på sjukehus på grunn av koronaviruset, 20 prosent av desse var fullvaksinert, 16 prosent delvaksinert.

Det er derfor ikkje så overraskande at fleire av dei smitta i Ål også er vaksinert.

– Dette er kjent frå elles i landet, og verda. Me veit at både ein og to vaksinedosar beskyttar godt mot alvorleg sjukdom, og oppfordrar alle på det sterkaste å ta imot tilbodet om vaksinasjon, seier kommuneoverlege Bøyum.

Få konsekvensar

Med dei åtte ferske smittetilfella, er Ål no oppe i 32 smitta på to veker. Dei siste åtte får ikkje veldig store ringverknader:

– To av dei har smittekjelde utanfor kommunen, og har ingen nærkontaktar her. Dei andre seks er nærkontaktar frå utbrotet på ungdomsskulen, fortel Bøyum.

Ål ungdomsskule har blitt hardt råka av koronaviruset dei siste vekene, og har heimeundervisning denne veka. 14 skuleelevar har så langt blitt smitta.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ingen av dei nye tilfella får store konsekvensar, slår Bøyum fast.

Ho har tidlegare sagt at den aukande smitta har gitt ein sterk mistanke om at det er «skjult smitte» laus i Ål-samfunnet. I utbrotet på ungdomsskulen har det vore mange ukjente smittevegar, såpass mange at kommunen har valt å halde alle som er knytt til det i ordinær karantene.

Skulane i Ål er no på gult nivå. Det same gjeld barnehagane.

Les også
Fekk to smittetilfelle - vidaregåande-elev testa positivt
Les også
Ål går over til gult nivå i skule og barnehage etter smitteutbrot
Les også
Ny person smitta i Nesbyen: - Me er i beredskap
Les også
Smitte i Gol: Ny skuleklasse må inn til testing