Einar Haraldset.

«Åsted Norge» etterlyste Einar (59): – Ein kollega har i dag tatt i mot fleire tips

I går vart saka om forsvinninga av Einar Haraldset tatt opp i TV2-programmet «Åsted Norge». Etterpå har politiet fått inn fleire tips.

I fire veker har Einar Haraldset vore sakna, og siste observasjon av familiefaren var ved huset hans utanfor Ål sentrum. I gårsdagens program fekk sjåarane eit innblikk i korleis Røde Kors og politiet har jobba med saka.

Ingen spor

54 personar frå Røde Kors har leita etter Einar. Dei har saumfare det området dei tenkjer det er størst sjanse for funn to gonger. I tillegg har Norske Redningshunder og politiets hundar medverka i søket, saman med drone.

Artikkelen held fram under annonsen.

Der er ikkje eit einaste spor etter Einar.

– Me har ikkje så mykje meir å gå etter, fortalde Hermod Slettemoen, aksjonsleiar hjå Røde Kors i Ål.

Les også
Einar (59) er framleis sakna: – Den eine hypotesen er ikkje sterkare enn den andre

I episoden vart også politistasjonssjef Brit Fyksen intervjua. Ho kunne fortelje at Haraldset ikkje har etterlate seg nokon digitale spor.

– Me har ingen indikasjonar på at han er utsett for eit straffbart forhold. At han kan ha forsvunne frivillig er ein sterk hypotese. Det er også sannsynleg at han er utsett for ei ulykke, eller at han er sjuk.

Treng tips

I TV-programmet gjentek Fyksen det ho har sagt i Hallingdølen tidlegare. At politiet treng tips.

– Om han har fortalt nokon om eventuelle planar, turar, utflukter som han hadde tenkt å gjere. Det er viktig for politiet å få vite noko om det, så me kan ta utgangspunkt i det når me skal halde fram med søket, sa Fyksen i Åsted Norge episoden.

I studio står programleiar Jens Christian Nørve saman med Ingrid Tveit, politioverbetjent i Kripos og Jørn Lier Horst.

– Du høyrer at politiet ynskjer tips frå folk som har snakka med han eller møtt på han. Dei ynskjer info om stader han kan vera og stader han likar å gå. Han er ein ivrig turgåar høyrer me. Politiet ynskjer å gjera nye søk, men for å ta utgangspunkt i søka treng dei tips, seier Tveit.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Søket etter Einar (59): Ber folk og bedrifter sjekke overvakingskamera

– Ein ganske analog mann, seier Nørve.

– Ja, og infoen politiet treng får dei ofte av telefonbruk og den slags. Det manglar altså her. Derfor er det interessant i denne saka at politiet prøver å kartlegge eit kontaktnett. Dei kan ha noko å fortelje om kva som har skjedd.

Politistasjonssjef i Hallingdal Brit Fyksen

Har kome ny info

Å skape blest rundt saka hjå TV 2 kan sjå ut til å ha ein effekt.

– Det har i dag kome fleire tips direkte til oss, seier Fyksen.

Ho sit på kontoret på Gol saman med kollega Kari Birgit Møllerplass og fortel om utviklinga i saka etter at TV 2 sende programmet måndag kveld.

– Ein kollega har i dag tatt i mot fleire tips. Samtidig må folk halde fram å ringe om dei sit på noko info. Og la oss avgjera om det er interessant info eller ikkje.

Les også
Ber publikum halde auga opne etter Einar (59): – Ynskjer at folk også sjekkar plassar der det ikkje er naturleg å opphalde seg

– Kva med tipsa frå «Åsted Norge»?

– Dei ventar me framleis på. Dei blir nok tilarbeidd før dei kjem til oss. Me er spente på kva det er. Me startar med å skaffe oss ei oversikt og jobbar med alle tipsa som kjem inn, seier Møllerplass.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kva har de gjort dei siste vekene?

– Det har ikkje vore noko betydeleg utvikling i saka, seier Fyksen.

– Er status den same no som for tre veker sidan? Er det gjort tiltak?

– Det stemmer at det er likt som dei siste tre vekene. Det å delta i programmet var jo tiltak i seg sjølv i samråd med familien. På eit tidspunkt må me bestemme om me skal ta ein nytt søk, seier Fyksen.

– Handlar det om ressursar?

– Nei, men me må ha noko meir konkret. Noko som seier noko om kor me skal ta utgangspunkt. Me har prøvd alt. Og berre det å ta kontakt med Åstad Norge er eit tiltak.

– Og det har gitt utslag?

– Det er mange tips no. Me vil bruke litt tid på dei i dag og kan starte meir konkret i morgon, seier Møllerplass.

Artikkelen held fram under annonsen.