Vår Staude i God morgen Norge og Arna Jacobsen Fagervold fann tonen. Fagervold får no programmets krus og tittel som kvardagshelt.

«Arna postbod» vart heidra som kvardagshelt på TV 2: – Eg blir rørt!

Arna Jacobsen Fagervold har skrive små helsingar til folk på postruta si i ei årrekke. Fredag morgon fekk gledesspreiaren fortent heider på «God Morgen Norge» på TV2.

– Dette var overraskande, sa Fagervold, som var med i sendinga på overføring frå Geilo. Programleiar Vår Staude introduserte ho som «dagens kvardagshelt».

Det var tydeleg at Fagervold sette stor pris på utmerkinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg blir rørt!

Fagervold hadde blitt nominert til tittelen av Ellen Mørk, som i nominasjonen blant anna skreiv: «Arna er ein gledesspreiar, i fleire år har ho lagt posters i postkassa til «kundar» på ruta si. Alltid blid, med ein koseleg kommentar».

Skriv små helsingar

Fagervold har vore postbod på Geilo i 25 år. For ein god del år sidan begynte å ho å skrive små helsingar til folk på postruta si. Det kunne vere «god helg», «god sommar» eller ein velkomst til nye verdsborgarar. I tillegg skriv ho kvart år små julekort som ho klistrar oppunder lokket på postkassene til folk. Nokre gonger bles ho til og med opp ein ballong som stikk ut av kassa.

Alt for å glede dei ho leverer post til.

– Ein får energi av å gi bort ting, seier ho til TV 2.

– Det begynte då eg sat på postkontoret på Ustaoset. Eg skreiv «god helg» med smilefjes og slikt, og fekk tilbakemeldingar på at folk syntest det var hyggeleg. Då vart eg også glad, fortel ho.

Sommarhelsing i år

Lappane ho lagar, lagar ho på fritida. Dei små julehelsingane er det mange, mange hundre av. I vår har ho brukt koronatida til å lage sommarhelsingar.

– Folk sat heime aleine, og fekk ikkje treft andre. Då tenkte eg at eg skulle skrive god helg og god sommar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det betyr at folk på Geilo kan vente seg sommarhelsingar på gule og blå lappar i år. Raudt, svart og grønt er øyremerkt jula.

Hallingdølen var med Arna postbod ut på jobb i 2015. Det kan du lese om her!

– Me er heilt skråsikre på at du fortener eit krus frå oss. Med litt flaks og med eit godt postbod oppe i Geilo-traktene så er det kanskje framme i morgon. Då fyller jo du 60 år, sa Vår Staude.

– Posten går ikkje så fort! parerte Fagervold.

Arna Jacobsen Fagervold gler folk på ruta med personlege julehelsingar, bursdagsgratulasjonar og eit ekstra hurra for nye verdsborgarar. Her frå då Hallingdølen fekk vere med ho på jobb i 2015.
Med smileballon i eine enda - og personleg helsing i enden som ligg oppi postkassa.
Les også
Arna Postbod